Me hadde førebudd oss godt til kjærleikens dag i Os & Fusaposten. Med fersk kjærleiksavis på 44 sider, ein solid ladning med raude vaffelhjarte og hjarteforma foto-ramme for foreving av kjærleiken, låg me all vår blygsel til sides og gjekk for full, sukkersøt feiring.
53 år i saman
Og sjølv om det for ein del forbipasserande var rimeleg uaktuelt å ta dei to trinna opp på scenen og stilla seg i ramma, var det faktisk overraskande mange som vågde hoppa i det. Og medan mor/dotter, dotter/mor, kjæraste/kjæraste, mann/kvinne og kompis/kompis lét seg foreviga i den spesiallaga hjarterammen frå ASVO Os, gjekk vaffelhjartane og våre fargerike kjærleike på pinne som vartmt kveitebrød på standen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Yngste paret me foreviga, Lena og Espen Nordeide, hadde vore gift i fem år. Eldste paret, Ivar og Lill Søvik kunne skilta med å ha hatt kjærastestatus på i 53 år, og ha vore gift i 45.
Fastelavens-damer og bergensarar
Os Sanitetsforening hadde stand like ved og var sjølvsagt med på å feira kjærleiken med oss. Spreke Elsa Marie Lyssand og Inghild K. Raustein tok sine fargerike fastelavansris bort til scenen og lyste opp i hjartebogen i sentrum av senteret.
– Kva gjer me ikkje for å selja fastelavens for ein god sak, lo Elsa Marie og Inhild etter å ha solt seg i spotlighten.
For litt moro var det også, måtte dei vedgå.
Eit knippe bergensfødde pensjonistar tok seg også god tid ved Lokalavisas stand. Dei berre elska grepet med å gjera ein heil avis til ein kjærleiksavis.
Dei sympatiske bergensarane delte raust med bergenshistorier, frå tida då folk møttast til dans, kjærleik og feiring, utan at det ein gong var noko å feira.
– Eg saknar den spontane samankomsten. Den kan me ha meir av, sa mannen med dagens desidert tøffaste hatt.