Oddgeir Bruaset til Luranetunet
Fredag kjem journalist, forfattar og programleiar Oddgeir Bruaset til Os og Luranetunet.
Oddgeir Bruaset er aller mest kjent for NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Han er utdanna lærar fra Volda lærarskule, og har studert ved Universitetet i Bergen. Han arbeidde eit par år som lærar i Volda, før han i 1971 kom til NRK Møre og Romsdal (Ålesund).
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei fyrste åra arbeidde Bruaset mest i radioen, men i 1982 ble han tilsett i ei nyoppretta fjernsynsstilling. Sidan har han arbeidd med å laga TV-program, mange med kulturhistorisk tilknytning.
Bruaset er også ein mykje brukt føredragshaldar.