Odd og Aud dansa seg til billettane
Det er svært lenge sidan Odd og Aud Wiik sist var på bryggedans. No er dei klare for dansen på Os Sjøfront.
- Du anar ikkje kor kjekt det var at me skulle få dansa oss til billettane her i dag. Me elskar å dansa. Og ein bryggedans er kanskje det kjekkaste av alt, sa ekteparet Wiik etter å ha teke oppvarmingsvalsen på Os Sjøfront før arrangementet laurdag.