Ny publikums- og kollektrekord

Stadig fleire får augene opp for Kongshaug Musikkgymnas sine julekonsertar.

- Me vil gjerne få takka alle som kom, og alle som bidrog til kollekten, seier Kongshaug-elev Karina Andersen.

Ho og medelev Anna Lilleås er leiarar for musikkgymnaset sitt bistandsprosjekt, som inntektene skal gå til. I år er dette skulens misjonsprosjekt i Kina, for foreldrelause born. Målet for årets aksjon er 500.000 kroner. I løpet av julekonsertane kom det inn nær 60.000. Det er altså ny rekord.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Heilt fantastisk, seier ein svært nøgd prosjektleiar.

Kongshaug Musikkgymnas hadde i år seks konsertar til saman fredag føremiddag og laurdag ettermiddag, og samla totalt mellom 1.500 og 2.000 publikumarar.

Andersen anslår at dei så langt har samla inn om lag 100.000 til årets bistandsprosjekt. Til våren ventar fleire større arrangement, som vonleg vil ta elevane endå nærmare målet.

- Me skal blant anna ha basar og misjonsløp. Framnes vidaregåande skule hadde eit tilsvarane løp og fekk inn heile 700.000 berre der. Dei er rett nok to gonger større enn Kongshaug, men det skal likevel vera potensial for å få inn litt pengar, seier Andersen.