Ny noregsmeister frå Søfteland
Tobarnsmora Sandra Kristine Jensen (37) vann i helga NM i blomedekorasjon.
- Det var veldig uventa og utruleg gøy, seier den ferske noregsmeisteren dagen derpå. I to dagar har NM i blomedekorasjon pågått på hotell Ørnen i Bergen.
To osingar i NM
Jensen fortel at det ikkje var sikkert at ho hadde fått delta i finalen, viss ikkje det var for litt flaks.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For å kvalifisera seg må ein vinna distriktsmeisterskapet. Det var det ikkje eg som gjorde, men Malin Balland. Men så er det ein regel som seier at den byen som arrangerer meisterskapen får lov å delta med to. Dermed fekk eg også vera med, seier Jensen.
Balland er utvandra osing, oppvaksen i Lysefjorden, og kollega av Jensen på Nesttun Blomster Interflora.
- Kjekt å konkurrera
Det er 6. gongen Jensen deltek i NM. I fjor kom ho på ein samla 8. plass.
- Eg synest det er kjekt å konkurrera. Du utfordrar deg sjølv og veks fagleg. Dessutan kan ein slik siger medføra nye karrieremessige oppgåver, som t.d. å halda kurs for andre. Og så er det sjølvsagt bra for arbeidsplassen min å kunna skryta av å ha ein noregsmeister i butikken, seier vinnaren.
Vegen fram
Vegen fram mot NM-siger tok til alt i sommar. Då fekk deltakarane ei introoppgåve.
- Tankeprosessen var ganske lang. Ein forkastar mange idéar undervegs før ein landar på noko.
Deretter var det oppgåvene under sjølve NM. Dei bestod av tre oppgåver. Første oppgåva gjekk ut på å laga ein fantastifugl. Deretter ein meir klassisk dekorasjon, eit botanisk blomearbeid, og til slutt og eit vikla blomearbeid som finaleoppgåve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jensen gjekk altså til topps, og fekk pokal, eit gravert fat og andre premiar frå diverse sponsosar.