Tor Arve Røssland kjem frå Husnes i Kvinnherad, men bur no med familien på Halhjem i Os.
Tor Arve Røssland kjem frå Husnes i Kvinnherad, men bur no med familien på Halhjem i Os.

Ny grøssar frå Tor Arve Røssland

Tor Arve Røsslands øygrøssar «Glimt» inneheld både heimsøkte hus, mørke kjellarar og ekte spøkelse.

Den Halhjem-busette forfattaren er no ute med romanen «Glimt». Den fortel historia om Jon som flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelja Jon? Og kva har 2. verdskrigen å gjera med alt det mystiske som skjer?

Skremmande inspirasjon

Forfattaren sjølv fortel om eit livslangt forhold til det som er skremmande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det groteske og ukjende har alltid vore ei kjelde til inspirasjon. Eg likar det heslige, stygge, fæle og utrygge, seier han.

Og ved hjelp av det heslege og uhyggelege har Røssland med sin Svarte-Mathilda serie vorte ein populær forfattar blant dei unge. Svarte-Mathilda bøkene har nemlig vore blant dei mest utlånte ungdomsbøkene ved norske bibliotek.