NRK-profil vitja Luranetunet
Tilhøyrarane på Luranetunet fekk i føremiddag eit unikt innblikk i suksess-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Den kjente og kjære programleiar Oddgeir Bruaset trekte svært mykje folk og det var ei fullsett kantine på Luranetunet i Os som fekk høyra progamleiarens røynsler frå innspelinga av NRK-serien.
Eit av innslaga han trekte fram, var frå vårt nærmiljø, nemleg programmet om Bente Kleivane Getz i Samnanger. Eit anna møte som gjorde særleg inntrykk på han, var då han vitja Bjørg Wiik i Kjeåsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er eitt av dei programma som har gjort aller størst inntrykk på meg, sa Bruaset.
Både bebuarar, tilsette og andre hadde teke turen for å høyra historiene til NRK-profilen.