NRK filma klimasak i Lidl-bygget
Når programleiar Selda Ekiz forklarer klimautfordringane i ein ny video på NRK.no, er det med Lidl-bygget på Ulven som kulisse.
Videoen, som altså er filma i Lidl-bygget, vart lagt ut torsdag kveld og du kan du sjå hanher.
I videoen forklarer programleiar og fysikar Selda Ekiz komplekse klimaspørsmål. Dei enorme betongveggane i Lidl-bygget blir brukt som visuell bakgrunn for grafar over temperaturendringar og klimagassutslepp.
Artikkelen held fram under annonsen.
At NRK valde nettopp Lidl-bygget som opptaksstad, heng kanskje saman med at statskanalens eigen klimakoordinator, Svein Haaland, er lysefjording. Uansett har i alle fall NRK bevist at bygget eignar seg godt som filmkulisse. Eit bruksområde som hittil ikkje har vore verken føreslått eller nytta.