Nordisk tenor til Os kyrkje
Før «Nordic Tenors» var artist Sveinung Hølmebakk gravferdssongar. Det forklarer at Os Gravferdsbyrå arrangerer konsert med Sveinung i Os kyrkje komande laurdag.Anne Marie Aarøen Vangsnes
- Eg arbeidde med Sveinung i mange år før han slo gjennom med Nordic Tenors, seier Jorunn Moberg i Os gravferdsbyrå. Kvart år har ho vore fast publikumar når Sveinung Hølmebakk og dei andre karane har stått på scena i bergensområdet.
No gler ho seg til ein konsert som vil visa ei litt anna side av tenoren. Difor har ho også teke sjansen på å arrangera ein konsert for fyrste gong i sitt liv.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg håpar jo at folk vil koma. Dette blir veldig flott og annleis, seier ho.
Kristne songar
Då Hølmebakk nyleg gav ut CD-en «Snart gryr ein dag», var det mellom anna med nokre sjølvskrivne songar.
- Eg likar å syngja både viser og songar frå det typiske tenorrepertoaret, i tillegg til at eg gjer ein god del kristne songar på konsertane mine. Eg syng om det som opptek meg, og trua er ein viktig del av livet mitt, seier han i ei pressemelding.
Då Nordic Tenors for alvor tok av i 2006, valde Sveinung å leggja solokarriera på hylla. Sjølv trur han det var naudsynt for at gruppa skulle veksa til det den er i dag. Men for tre år sidan byrja han å skriva songar, og det førte også til at solokarrieren igjen skaut fart.
- Heldigvis kan eg kombinera mine eigne konsertar med Nordic Tenors' konsertprogram, og det er eg veldig takksam for, seier han.