Nordic Tenors klare for Oseana
Nordic Tenors er i desse dagar på ein landsomfattande juleturné. Onsdag kjem dei til Os og Oseana.
Jostein Halland
Artikkelen held fram under annonsen.
jostein@osogfusa.no
Det er tiande år på rad at Nordic Tenors reiser på juleturné. Dei tre tenorane set årleg ca 15.000 publikumarar i julestemning. Også i år besøkjer Nordic Tenors dei store konserthusa som Grieghallen, Oslo Konserthus, Olavshallen, Stavanger Konserthus og Kilden - i tillegg til ei rekkje andre kulturhus landet rundt, deriblant Oseana.
Med seg har dei pianist Øystein Lund Olafsen
Gruppa, som består av Jan-Tore Saltnes, Sveinung Hølmebakk og Roald Haarr, debuterte i 2005 med show på Logen Teater i Bergen, og seinare på Christiania Teater i Oslo. I 2006 fekk dei Komiprisen som Årets nykommer.
Fjorårets juleturné hadde meir enn 14.000 besøkande.