– Når dei går ut, har dei allereie byrja å gle seg til neste år
Over 160 menneske var samla i Eikelandsfjorden samfunnshus torsdag.
Sist veke arrangerte Lions Club rockekonsert med dans for 11. gong. Dette er eit av høgdepunkta i året for mange av dei frammøtte, og samfunnshuset var smekkfullt.
Det var smilande ansikt så langt ein kunne sjå langs borda gjennom salen i samfunnshuset, og dei frammøtte sat forventningsfulle og venta på at lokalet skulle bli fylt med musikk og dans.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samarbeid
Arrangementet som er for menneske med ekstra behov, er eit samarbeid mellom Lions-klubbane i Bjørnafjorden og nabokommunane Kvam, Samnanger og Tysnes.
Arrangementet starta i gamle Fusa kommune og vart etter kvart utvida til å inkludera dei andre kommunane etter kommunesamanslåinga.
– Velkomen til musikk og dansekveld. Me har gledd oss sidan i fjor. At det kjem folk til og med frå Tysnes i år, er kjempestas, seier presidenten for Lions Club Fusa, Torstein Skåtun.
– Med så mykje folk, er det litt mindre plass til dansing enn i fjor, men me skal nok fylla dansegolvet i år òg, held Skåtun fram, før han gjev stafettpinnen vidare til bandet Tutti Frutti frå kulturskulen i Samnanger.
Allsong frå først låt
Tutti Frutti stiller med seks medlemer denne kvelden, Håkon Martin presenterer første låt ut som er Optimist av Jahn Teigen.
Låten slår verkeleg an hos publikum og dei hiv seg med på refrenget. Plutseleg er det allsong i salen.
Bandet vartar også opp med Liten Fuggel og Bobbysocks sin La det swinge til stor begeistring frå publikum.
Når tonane frå Pay me my money down legg seg, ventar det ein ny runde med applaus for Tutti Frutti før neste band inntar scenen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Øvingar
Tutti Frutti har øvingar kvar tysdag på kulturskulen. Dei liker songar som fengjer og dei kan tekstane på rams.
– Elevane er veldig opptekne av musikk og høyrer mykje på musikk i kvardagen. Det er utruleg kjekt å sjå korleis dei utviklar seg og kor mykje musikken betyr for dei, seier rektor ved kulturskulen i Samnanger, Karianne Kayser.
Denne kvelden har ho med seg Svitlana Shyrkova frå Ukraina. Shyrkova er i språkpraksis ved Samnanger kulturskule og hjelper med elevane. Målet hennar er å læra seg ein ny, norsk song kvar veke.
Torstein Skåtun gler seg stort over spelegleda og alle dei blide andleta.
– Det er derfor me gjer dette.
– Dette starta opp som eit lite arrangement for ein del år sidan og sjå kva det har vakse seg til! Alle stiller opp for å hjelpa til med gjennomføringa. Dette er eit spleiselag mellom klubbane, og med hjelp av litt sponsormidlar har me kome i mål.
Er like nervøs
Me får nokre ord med Kjetil Solberg som saman med Børje Grøndal Skåtun utgjør duoen Moneypenny
– Me har med oss ei rekkje dansbare låtar i kveld i ulike sjangrar. All ære til Lions for at dei dreg i gang dette prosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er like nervøs i kveld som om me skulle spelt for 500 menneske, smiler Solberg, som ikkje hadde grunn til på uroa seg.
Duoen leverer ei solid gjennomføring og responsen lét ikkje venta på seg. Allereie under introen til første låt - Ein krasafaren steinbu - finn dei første para vegen til dansegolvet.
Fekk med seg publikum
Så var det klart for det mange hadde venta litt ekstra på, nemleg gjengen frå Os swingklubb.
– E dåke klare, spør Håkon Bruarøy.
– Ja!
Med den umiskjennelege rytmen til We will rock you, er publikum med på notane omgåande.
Evigunge Bruarøy som har 30-årsjubileum i Os swingklubb dette året, får verkeleg liv i publikum. Med ein god porsjon humor, engasjement og dans har swingklubben funne suksessoppskrifta for å engasjera publikum.
– De i gule vestar skal vera reker og åmer. Ja, eg ser i andleta dykkar at de er skeptiske, men dette skal de vera med på, smiler Bruarøy til Lions Club-medlemene.
Artikkelen held fram under annonsen.
– De har berre med å gjera som han seier elles blir det trøbbel, ler Jannike frå dansegolvet til stor begeistring hos publikum.
Den sporty gjengen frå Lions er snar til å hiva seg med.
– Dei som har kome i kveld gler seg allereie til neste år. Det er så utruleg mange smil og så mykje takksemd frå alle. Det er kjekt for oss å få lov til å ta del i dette, seier to av damene som serverer kaffi og saft i kiosken.
Hadde knapt nok tid til å eta
Dei danseglade gjestene held energinivået oppe og det er ingenting å seia på engasjementet både til låtane Hey Baby og Fugledansen.
Med så mykje dansing er det viktig med litt energipåfyll. Når lukta av nytrekte pølser siv gjennom lokalet, er det på sin plass med ein ørliten pause og ein pust i bakken før neste danse-økt.
– Det gir oss veldig mykje å sjå at dei har det så moro på slike arrangement. Me er ein sosial klubb og vil gjerne inkludera alle. Me har årlege arrangement både på Tysnes og Nore Neset, og me er veldig privilegerte som får vera med på dette, seier Rune Hatlelid i Os Swingklubb.
– Med så mange glade andlet vel eg å tru at me har gjort noko rett, konstaterer Torstein Skåtun og ser bort på den glade gjengen på dansegolvet som swingar seg til rytmane frå dei siste låtane Ghostbuster og Working 9 to 5.