Kjetil Bøe såg ein slik benk i Tyskland, og fekk lyst å kjøpa ein med heim til mørke haustkveldar.
Kjetil Bøe såg ein slik benk i Tyskland, og fekk lyst å kjøpa ein med heim til mørke haustkveldar.

Mysteriet med den lysande benken oppklara

Forklaringa på lysbenken i Kolskogen har både med HMS på jobben å gjera, og ein sjef som tenkte litt utanom det vanlege.

Sundag kveld publiserte Os og Fusapostenein sak med video av ein lysande benk ved Montér i Kolskogen. Spørsmålet som gjekk ut i eteren var kvifor denne hadde dukka opp akkurat her.

Forklaringa

Måndag føremiddag kunne dagleg leiar ved Montér, Stig Atle Gjøvåg, røpa forklaringa på mysteriet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er rett og slett snakk om eit røykeskur med denne benken som eit triveleg ekstramoment for dei som må ut i kulden og røyka, seier Gjøvåg.

Han forklarer at det også har med HMS-fokus på arbeidsplassen å gjera.

- Folk kan ikkje lenger stå inne på lageret og røyka - det har med tryggleiken å gjera. Så då må me ut, og då fann altså han som eig bygget ut at dei som jobbar her skulle få eit nytt røykeskur, fortel Gjøvåg.

Fekk idéen frå Tyskland

Kjetil Bøe som eig bygget, fortel at han såg ein slik benk på ei messe i Düsseldorf, og fekk lyst å kjøpa ein.

- Fleire stader har dei slike benkar som kunst. Eg tenkte at det passa fint med ein slik her i Os på dei mørkaste dagane, seier Bøe.

Stig Atle Gjøvåg seier at dei har vurdert om benken skulle skruast av om kvelden eller ikkje.

- Me kom fram til han får stå på - det er jo i mørket han kjem mest til sin rett, seier Gjøvåg.