Fusaprest Einar Ekerhovd oppmodar folk om å koma i kyrkja i påsken.
Fusaprest Einar Ekerhovd oppmodar folk om å koma i kyrkja i påsken.

- Me held ope medan andre stengjer

Vått og grått vêr på Vestlandet i påska, er eit perfekt kyrkjevêr, ifølgje presen i Fusa, Einar Ekerhovd.

Vêrmeldinga for påskeveka i år er ikkje den beste, men alt er som kjent relativt. Og det meste kan også snuast til noko positivt, om ein evnar det.

Og det må ein kunna seia om presten i Fusa. På FB-sida "Kvardagsprat i Fusa" har han skrive følgjande om vêret og påskefeiringa:

Artikkelen held fram under annonsen.

I følgje vêrmeldinga på Yr.no blir dette ei ypparleg påske for kyrkjegang!

Han nemner gudstenestene som vert arrangert i Sævareid kapell skjærtorsdag, i Strandvik kyrkje langfredag og midnattsmessa i Hålandsdalen kyrkje laurdagskvelden.

Vidare skriv han: "Søndagen blir også regntung, så det er berre å leggja turen til Fusa kyrkje. Men måndag 2. påskedag blir det strålande vêr med sol og medvind, og då møtest me på Bygdastølen kl 1200".

Han skal vera i toppform til 1. påskedag, og ser fram til å møta mykje fusafolk og andre tilreisande både i kyrkjene og på Bygdastølen.

- Me held ope, medan andre har stengt! skriv han til slutt.

Også i Os er det tradisjonell feiring og påskegudstenester i kyrkjene frå torsdag til og med søndag. Det vert i tillegg ein tur til Liafjellet andre påskedag. Helge Haukås har med seg trompet, noko som vil vera med å skapa ei ekstra fin påskestemning utandørs.