Havnesjefen: Mia Ludvigsen Henriksen ynskte velkomen til første visning av kortfilmen "Havnesjefen".

— Me heiar på deg, Mia!

Ordførar Trine Lindborg kom for å sjå filmen og kom samtidig med ein idé.

Endeleg fekk publikum i Os sjå den mykje omtalte kortfilmen som baserer seg på livet til den berømte og berykta Havnesjefen.

Då me nærma oss Vargasalen, passerte me diverse «svane-effektar» på vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Oi, den svanen var fin, den må eg ta bilete av, sa ei av damene som var på veg for å sjå filmen.

Blomar:Ordførar Trine Lindborg stilte med lovord og blomar.

Ordførar Trine Lindborg hadde også teke turen for å sjå filmen. Me fekk nokre ord med henne før visninga starta.

— Eg har enno ikkje sett filmen og er spent på å sjå han, sa Lindborg som hadde med blomar til Mia.

— Samtidig har eg også med ein kul idé!

Ordføraren ønskjer nemleg å få til ein film-maraton med lokale filmskaparar i bygda vår.

— Tenk dykk at me har ein heil kveld med visning av filmane til dei flinke folka me har her lokalt. Eg såg jo filmen til Rolv Lyssand Bjørø "Si ingenting" om artisten Kamelen. Det var då tanken først slo meg, for den filmen var jo så bra!

Ho trur ny datateknologi som gjer at fleire kan leika seg med program og skapa film heimafrå, kanskje aukar interessa for filmskaping.

Stolt og nervøs filmskapar

— Velkomen til visning av Havnesjefen, og takk for at de kjem for å sjå han med oss. Dette blir jo ei oppvarming til Amanda-prisen, sa filmskaparen sjølv, Mia Ludvigsen Henriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Handlinga i "Havnesjefen" utspelar seg tilbake i 2017 då det storma som verst rundt den berømte knoppsvanen.

Me blir tekne med på ei reise som inkluderer kjende personar som uttaler seg om Havnesjefen. Men også kjende og ukjende lokale personar legg fram ulike meiningar om svanen.

I tillegg er filmen også ei forteljing frå "sjefen sjølv" si side. I det heile var det ein fengjande og flott kortfilm publikum fekk sjå i Vargasalen.

Blandinga mellom animasjon og "ekte" kulissar er fin, og handlinga er lagt til stader publikum kjenner seg igjen i.

«Eg elskar Os og Os elskar meg», er ein av replikkane som er lagt i munnen på Havnesjefen. Og svanen sette verkeleg bygda på kartet sommaren for seks år sidan.

— Kjekt å sjå kor langt du er komen

— Til helga skal du til Haugesund der du er nominert til Amanda-pris, og i fjor fekk du kulturstipend av Bjørnafjorden kommune. Det er kjekt å sjå kor langt du har kome i dag, Mia, sa Lindborg etter filmframsyninga.

Ordføraren skrytte også av den flotte filmen då ho overrekte ein blomebukett til filmskaparen.

— Me heiar på deg, Mia, og håpar på suksess i Haugesund. Eg håpar også at me kan få vist fleire lokale filmar i framtida, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei smilande Lindborg la til at ho visste at far til Mia er nervøs for å gå på den raude løparen i Haugesund.

— Men han får berre byrja å øva seg.

Kjende att: Hans og Gry Knarvik kjende att fleire av karakterane i filmen.

Fin balanse

Gry og Hans Knarvik var fulle av lovord etter visninga.

— Filmen var veldig artig og fin. Han har ein god balanse mellom det naturlege og det animerte, seier Gry.

— Me kjende igjen alle personane i filmen og karakteristikkane av dei var veldig gode, skyt Hans inn.

Dei synest det er bra at arven lever vidare i Os. Både gjennom restauranten Hamnesjefen og svane-båten ved namn Havnesjefen.

— Me heiar på filmen til helga. Lukke til i Haugesund, Mia, seier dei i kor.