Jazz-saksofonist Marius Neset frå Os. (Presse
Jazz-saksofonist Marius Neset frå Os. (Presse

Marius Neset til Vedholmen Galleri

Spelemann Marius Neset held minikonsert når Vedholmen Galleri laurdag opnar ny utstilling.

11 lokale kunstnarar innan foto, tekstil, keramikk og skulptur har brynt seg på tittelen «Os inspirerer» framfor laurdagens kunstutstilling. Utanom denne oppmodinga har alle kunstnarane fått fritt spelerom.

Resultatet kan du sjå i Galleri Vedholmen på Lepsøy i vekene framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er forresten fyrste gong at galleriet viser ei kollektiv salsutstilling der halvparten av kunsten er foto.

Spelemann

Opningstala står Heidi Tronsmo for. I tillegg kan du altså få med deg minikonsert med saksofonist Marius Neset. Osingen vann spelemannspris i 2014 for årets jazz-plate og er ein svært ettertrakta musikar.

Utstillinga markerer opninga av Kystsogevekene som varer frå 15. august til 27. september.

Motiv frå Kobbavågen.
Motiv frå Kobbavågen.

Foto:

Siv-Anne Skogen

Knut-Inge Johnsen

Bjarte Løvaas Haugland

Vidar Langeland

Erlend Haukeland

Tekstil:

Bente Haugland

Keramikk og skulptur:

Birthe Schytte

Torild Haugland

Atle Haugland

Peter Marron

Vibeke Harild