Marcus og Martinus-konserten er utseld
5.000 Marcus og Martinus-billettar er rivne bort. No er det klart for den størte konserten i Os nokosinne.
30. november kunne «Os og Fusaposten» fortelja at Osfest hadde sikra seg dei to store tenåringsidola Marcus og Martinus til sommarens arrangement. Vel to månader etter er det klart at barne- og familiekonserten no er utseld. Heile 5.000 billettar er selde. Dermed er det klart for den største konserten i Os-bygdas historie.
Tenkjer tryggleik
- Dette overgår alt som har vore i Os tidlegare. Sjølv på Kyrkjeflaten-arrangementet på 17. mai bruker det ikkje å vera så mange folk, seier festivalsjef i Osfest, Ole Reinert Berg-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han ber difor folk om å tenkja gjennom korleis dei skal koma seg til konserten denne dagen.
- Det kan bli trafikale problem og utfodringar dersom mange vel å køyra til konserten. Eit godt alternativ kan vera at ein i så tilfelle parkerer litt utanfor sentrum og går inn, seier Berg-Olsen.
Han seier dette om kvifor dei no set tak på 5.000 billettar.
- På Osfest-konsertane har me normalt plass til bortimot 7.000 tilskodarar, men ettersom dette er ein barne- og familiekonsert, må me vera ekstra påpasselege med at det ikkje blir for trongt, seier festivalsjefen.
Franske gjerder
Han legg til at dei kjem til å gjera fleire tryggleikstiltak for å sikra det unge publikummet mot trengsle og for store publikums-hordar.
- Me kjem til å setja opp såkalla franske gjerder over heile konsertområdet. På denne måten vil me dela opp publikum i fleire mindre sonar. I mellom desse sonane vil det vera korridorar, slik at det skal vera enkelt å koma seg ut av folkemengda om nokon ønskjer det, seier Berg-Olsen.
Enormt populære
Festivalsjefen er veldig glad for å ha sikra seg dei populære tvillingbrørne frå Trofors i Nordland. Han takkar kona Kari Kvæven Berg-Olsen for å ha seld dei inn.
- Kari er lærar på Nore Neset barneskule. Ho fekk ganske klare oppfordringar frå elevane der om kven dei ønskte seg til Osfest. At me no har seld 5.000 billettar seier vel det meste om at desse artistane er populære fleire stadar enn på Nore Neset, humrar Berg-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vurderer oppvarmarar
Per dags dato er Marcus og Martinus-konserten åleine om å stå for underhaldninga på Osfest-familiedagen laurdag 6. august. Men ifølgje arrangørane kan det tenkjast at dei serverer noko attåt.
- Me har tenkt litt på å finna nokre oppvarmarar. Me har ingen konkrete alternativ så langt, men det er klart: Det hadde jo vore kjekt å fått presentert nokre lokale talent, seier Berg-Olsen.