I høve friluftsåret 2015 vart det fredag 21. august arrangert utekonsert i sansehagen med saksofonist Arvid Aasprang. (Begge
I høve friluftsåret 2015 vart det fredag 21. august arrangert utekonsert i sansehagen med saksofonist Arvid Aasprang. (Begge

Magisk stund i sansehagen

I høve friluftsåret 2015 vart det fredag 21. august arrangert utekonsert i sansehagen på FBBS med saksofonist Arvid Aasprang.

Endeleg kom sola og sommarvarmen til Vestlandet! Også bebuarane på Fusa bu- og behandingssenter og Fjordblikk dagsenter har nytt sola, blant anna i den nydelege sansehagen.

Sansehagen, som Fusa hagelag og Fusa Lions club har lagt ned mange dugnadstimar i, danna ei vakker ramme for konserten. Aasprang, som på kort varsel kunne stilla då vêrmeldinga lova fint vêr, skapte ei magisk stund med sine mjuke tonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Publikum fekk høyra kjende og kjære melodiar som «Sæterjentenes søndag» og «Blåklokkevikua», og fekk også ønskja seg viser dei kunna syngja med på. Til dei raske tonane tok nokre av tilhøyrarane seg likså godt ein svingom.

Arvid Aasprang jobbar til dagleg med musikk for born og unge, men er også ein flittig gjest på omsorgssentra i Kvam. I følgje Aasprang er det behov for fleire møte med levande musikk for dei eldre, og han finn stor glede i å turnera eldresentra med saksofonen sin.

Saksofonkonserten var den andre utekonserten i sansehagen denne sommaren. Den første konserten var på sjølvaste Sankthansafta. Då fylte musikkterapeut Fredrik Elholm hagen med allsong og gitarspel.

Publikum fekk høyra kjende og kjære melodiar som "Sæterjentenes søndag" og "Blåklokkevikua", og fekk også ønskja seg viser dei kunna syngja med på.
Publikum fekk høyra kjende og kjære melodiar som "Sæterjentenes søndag" og "Blåklokkevikua", og fekk også ønskja seg viser dei kunna syngja med på.

Sommaren er no på hell, men me håpar å kunna få oppleva slike stjernestunder i sansehagen også til neste år.

Mildrid S. Aarvik

Styringsgruppa for sansehagen