Ole Bull: Den nye passasjerbåten til Kode har sjølvsagt fått namnet «Ole Bull».

Lysøens nye flaggskip har kome til Lysefjorden

Tysdag kom den nye elektriske Lysøenbåten til Kode til Lysefjorden. Men endå blir det ei stund til besøkande får nytta han.

– Som me har annonsert på heimesidene våre vert det ein noko annleis sommar i år grunna koronapandemien. Det vil bli nokre færre privatturar til Lysøen, men den vanlege, normale sesongen er diverre avlyst, informerer konstituert direktør for komponistheimane til Kode, Thomas Heimstad.

Les også
Løyvde 15 millionar til ny Lysøen-båt

Prøvekøyring

Den vel 15 meter lange elektriske katamaranbåten kom til frå Måløy Verft til Lysefjorden tysdag kveld. No er det innkøyring av båten som tel i tida framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eitt års garanti og må testa båten ut på alle moglege måtar i tida framover, seier sjef for tryggleik, drift og produksjon i Kode, Roald Eliassen.

– Men det blir ikkje rom for vanlege gjester å få vera med på køyringa?

– Nei, diverre. No framover blir det nok Kodes eigne tilsette som får vera med, samt eventuelt mindre, private arrangerte turar, fortel Eliassen.

– Så langt svarar båten til forventningane?

– Ja, verkeleg. Det er ein veldig flott båt. Me er svært nøgde, seier han.

Ole Bull: Båten er 15 meter lang og 7,5 meter brei. Den vil gå med 6 knops fart til og frå Buena kai og Lysøen.

22 millionars båt

Kode fekk altså 15 millionar i tilskot til innkjøp av den spesielle Lysøenbåten. Båten kosta totalt 22 millionar kroner.

– Resten av kjøpet har me finansiert ved hjelp av mange gode sponsorar, mellom anna Alutec i Os. Me ser nok for oss at støttespelarar og sponsorar får seg ein tur med båten no i sommar. Då kan det henda me tutlar til Osøyro, eller til og med over til Bekkjarvik i Austevoll, seier Eliassen.

Den nye passasjerbåten som skal frakta gjester til og frå Ole Bulls heim på Lysøen tek normalt 48 passasjerar. I koronatida er grensa sett til halvparten, altså 24.