"Løkki" Austestad
Når året no snart er omme, er fusingen Hans Martin Austestad ein som kan prisa seg "løkki" over året som gjekk. I desse dagar er han og gruppa Løkki ute med ny singel.
- Ja, gruppa vart danna i 2010 då me spelte inn musikk til filmen Sykt Lykkelig. Derav namnet Løkki. Me har i ettertid jobba jamnt og trutt med skulekonsertar, omsett låtar frå engelsk til norsk, skrive eigne låtar og etter kvart fått så mykje musikk at me skal spele det inn og gjeve det ut, fortel Austestad.
Den første singelen i denne samanhengen er låta «Hengebjørka» som er ein omsett versjon av «Bury Me Beneath The Willow», ein amerikansk folkesong.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bandet håpar å få spelt inn plata til våren, slik at dei kan ha ho ute innan kalenderåret 2016.
- Men av erfaring tek slike ting lang tid, så me kan ikkje heilt vita når plata kjem ut. Ho er jo ikkje innspelt. Men då me skjønte at me skulle på Beat for Beat, kasta me oss rundt og fekk spelt inn første singel, slik at det i allefall var noko av oss som ein kunna høyre på.
I kjellaren til fedrene
Tilbakemeldingane etter singeldebuten er utelukkande gode.
- Det som er litt artig med Løkki er at me på ein måte har gått motsett veg frå ein normal bandprogresjon. Me starta med å spela inn musikk til filmlerret, var på store premierar, song på utdelinga av Amandaprisen, varma opp for Katzenjammer på Rockefeller, og så etter kvart enda me med å gjera masse skulekonsertar, flirar Austestad.
- Så om alt skal følgja riktig progresjon hamnar me vel på øvingsseminar i kjellaren til ein av fedrene våre.
Men frå spøk til revolver:
- Eg blir nøydd til å prioritera bandprosjekta framover, så no er det Austestad og Løkki som er dei musikalske fokusa. Eg skal igang med ny Austestad-plate no til våren, og skal allereie i desember ta til på første singelen.
I svingane
Hans Martin turnerer både med Løkki og Austestad. Sju konsertar er booka med Austestad i april. No har fusingen signert med bookingbyrået Artistpartner som kan ta seg av alt med spelejobbar, så han får meir tid til å jobba med musikken
Artikkelen held fram under annonsen.
- Går det litt i surr når du har så mykje på gang på same tid?
- Ja. Sjølv foreldra mine heng ikkje heilt med i svingane, og må spør kven det er eg er ute med no.
- I fjor var det også ei stund der eg måtte skriva namnet på staden eg var i handa. Det var eit signal på at eg kanskje skulle redusera aktiviteten
- Kjem du til heimbygda til jul då?
- Nei, eg kjem meg ikkje lenger enn til Jørpeland. Men eg har planar om å koma meg heim til påske.
Me spør om Austestad har tenkt å ta med seg i det minste eitt av banda sine. Men det skal han visst ikkje.
- Eg hadde eigentleg gleda meg til å gå til Bersfjellet, men eg har alltid med meg gitaren.