(
(

Levande legender til jazzkafeen

I morgon vitjar Øystein Søbstad kvartett Oseana.

Om lag ein laurdag i månaden inviterer Oseana til jazzkafé. Kafeane er eit samarbeid mellom Oseana og stiftinga Osjazz.

- Denne gongen er det Øystein Søbstad kvartett som kjem - ikkje mindre enn levande legender i norsk og bergensk jazzmiljø, lokkar Oseana i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle medlemene har vore svært sentrale i norsk jazzliv og har motteke ei rekkje prisar for sin innsats.

Kvartetten består av Øystein Søbstad på saxofon, Dag Arnesen på piano, bassist

Sigurd Ulveseth og trommis

Frank Jakobsen.