Lanserer moteshow med cruisetema
Det blir revy, føredrag og moteframsyning når Madam Ane og butikksjef Tove Tvedt inviterer til moteshow med innlagt cruiseliv 12. april.
Kva er lurt å ha i kofferten på eit cruise? Det er noko av det du får svar på i Kløvertun tysdag 12. april.
Då inviterer nemleg Madam Ane med butikksjef Tove Tvedt i spissen, saman med Instinct, Moberg Sko, Kali, Bakketeig og Travelnet Os, til ein kveld med motar og reiseliv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Cruisespesialisten Royal Caribbean Cruiselines deltek med sin ekspertise, medan Travelnet Os reisebyrå denne gongen bidreg med kakebaking.
- Det blir sjølvsagt kaffi og kaker. Dessutan blir det som vanleg gøy, ler primus motor Tove.
Ho lovar at Madam Ane stiller med sin faste stall damemodellar i alle aldrar og fasongar, og på herresida stiller Instinct med Steinar og co.
Revydronning
Kveldens konferansier vert revydronninga Linda Nytræ som stiller med fleire velkjende revyfigurar.
Bente Bratlund skal lesa dikt om korleis det er å vera i eit prøverom. I tillegg vert det noko så artig som demonstrasjon av lausvipper.
- Blir det lattergaranti?
- Å ja, klart det. Med slike folk må det jo bli artig, seier ho. Det blir artig.
Adgang for menn
I tillegg til lått og løye, vert det også eit foredrag av Mette Fagerli om identitet. Som vanleg vert det også gevinstar og gode tilbod i ein del sentrumsbutikkar etter arrangementet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei vel 200 billettane er i sal frå måndag 4. april.
- Er det i det heile teke vits i for menn å koma?
- Sjølvsagt må dei koma! Tenk då, å få sitja ein heil kveld og berre sjå på damer. Det er jo verdas beste orsaking til å koma, ler Tove til slutt.