Laga peparkakehus og sikra seg billettar til Pepperkakebyen
For fleire av våre nye flyktningar har dugnad og juletradisjonar stått på programmet dei siste vekene.
— I introduksjonsprogrammet vårt har 20 av våre nye flyktningar hatt fokus på «dugnad» og tradisjonar. Då fann me ut at det passa svært bra å utfordra dei på å laga peparkakehus, fortel avdelingsleiar for flyktningtenesta i Bjørnafjorden, Marita Hjelle.
Ho kan fortelja om god stemning under arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Me laga tre peparkakehus her i kontora våre i Sælen-bygget. Dei som bidrog hadde aldri sett peparkakehus før, så dette var nytt og spennande for dei, fortel Hjelle.
Større delegasjon neste gong
Sist fredag var fire av flyktningane på bergenstur for å levera Bjørnafjorden kommune sitt bidrag til peparkakebyen i Bergen, som i år blir å finna i Permanenten, Kode sitt bygg i Nordahl Bruns gate.
— Mange var opptekne med språkpraksis den dagen, så då var det fire som fekk høve til å reisa. Det var Jean Pierre Nkubito og Niyonzima Albert frå Kongo og Yalda Ragbar og Bibi Wida Faqirzada frå Afghanistan. Dei syntest det var kjempemoro å sjå og gler seg til å reisa ned igjen når Pepperkakebyen vert opna seinare i november, fortel Hjelle.
Ho legg til at dei då planlegg å reisa ein stor delegasjon frå Bjørnafjorden.
— Fram mot jul skal me også syta for at flyktningane får prøva seg på fleire dugnadsoppdrag, der tema er juletradisjonar, seier Hjelle.