Annalisa Barone (t.v.) frå italienske Carrara og Alba Ascanio frå Kanariøyane, skal dei komande tysdagane læra bort aktteikninga  i  Solbakkestovo.
Annalisa Barone (t.v.) frå italienske Carrara og Alba Ascanio frå Kanariøyane, skal dei komande tysdagane læra bort aktteikninga i Solbakkestovo.

Lær å teikna kvinnekroppen

Den eine er aktmodell, den andre kunstnar. Tysdag inviterar Annalisa Barone og Alba Ancione til teiknekurs i Solbakkestova.

Det er sikkert mange som har drøymt om å læra seg aktteikning, altså portrettering av nakne menneske. Då kan kurset som startar i Solbakkestova tysdag, og som skal gå over ti kveldar, vera noko for deg. Og det er ingen kven som helst som held kurset.

Arne, vi har ein idé!

Annalisa Barone er utdanna ved Academy of fine arts i Carrara, Italia og har arbeidd med aktteikning i ei årrekkje. Med seg har ho profesjonell aktmodell og kunstnar Alba Ancione.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi sat saman på stranda i Carrara og fabla om kor kjekt det hadde vore å jobba saman. Så ringte eg min gode ven Arne Mæland og sa: "Arne, vi har ein idé!", ler Annalisa.

Som alltid med Arne Mæland, er vegen kort frå tanke til handling. Dermed er damene no i Os for å halda teiknekurs.

- Det tek fleire år å læra det å teikna menneskekroppen, men på dette kurset får du ei innføring og ein smakebit på alt både skuggar, lys og geometri, seier Annalisa.

Ei av Annalisa Barones aktteikningar.
Ei av Annalisa Barones aktteikningar.

Skummelt?

- Er det skummelt å sitja aktmodell?

- Nei, ikkje i det heile. Men hugs at eg har årelang erfaring. Uansett blir det fort avslappa og naturleg, også for dei som er på kurset, seier Alba.

- Kven er kurset for?

- Det er for alle som har lyst, seier dei i kor.

- Sjølvsagt vil det vera ekstra interessant for ein som alt driv med teikning eller måling, men det går også an å hiva seg på om ein berre har lyst til å teikna, seier Alba.