Kysthospitalet i Hagavik har fått ein sterk posisjon som ortopedisk-kirurgisk sjukehus. Styret vernar om institusjonen, og tidlegare pasientar støttar entusiastisk opp om staden.
Kysthospitalet i Hagavik har fått ein sterk posisjon som ortopedisk-kirurgisk sjukehus. Styret vernar om institusjonen, og tidlegare pasientar støttar entusiastisk opp om staden.

Kysthospitalet - ein 122 år gamal kjempe i Os

Mange i Os har eit tilhøve til Kysten - Kysthospitalet i Hagavik. Det var ikkje få av dei som var til stades på Senioruniversitetet i Os måndag.

Mange av dei har arbeidd eller arbeider framleis på Kysthospitalet, og minst like mange har ein eller annan gong vore pasient der. At interessa for å høyra litt om soga til sjukehuset er stor, var rekordframmøtet - 180 deltakarar - eit tydeleg prov på!

Landets mest interessante

Foredragshaldaren, Egil Ertresvaag, med bakgrunn som m.a. historikar frå Høgskulen i Bergen, hevda at han skjøna at interessa er stor. Sjukehuset er etter hans meining det mest interessante og spanande sjukehuset i landet! Det har òg hatt mykje å seia både medisinsk og i lokalhistoria. Ertresvaag har sjølv forfatta 100-årsjubileumsbok om Kysthospitalet i Hagavik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei krone døgeret

Det var i august i 1893 at ein 40 mann stor delegasjon kom reisande med dampbåten Turisten inn Hovlandsvika for å opna sjukehuset - eit tre høgder stort trehus med ein prislapp på kr 50.000.

Bergen kommune, Sparebanken Vest og Brennevinskompaniet var blant bidragsytarane for å få sjukehuset reist. Stortinget løyvde kr 6.000 til drifta kvart år, men pasientane måtte sjølve betala ei krone for kvart døger dei var på sjukehuset, ein høg pris når ein reknar med at vanleg årsløn var kr 500.

Huset var bygd på Bergen kommune sin eigedom som igjen var pakta bort til to Hovlandsgarder.

Foredragshaldaren, Egil Ertresvaag, med bakgrunn som m.a. historikar frå Høgskulen i Bergen, skjøna kvifor interessa for Kysten er så stor.
Foredragshaldaren, Egil Ertresvaag, med bakgrunn som m.a. historikar frå Høgskulen i Bergen, skjøna kvifor interessa for Kysten er så stor.

Tuberkulosen herja

Men soga tok til før 1893. Seks år tidlegare hadde doktor Sigvart Madsen vore på studiereise til Danmark, Tyskland og England. Ut frå det han såg der, skreiv han om kor viktig det var med gode hospital og rekonvalesens for pasientar med tuberkulose. Det vart oppretta ein komité og sytt for pengeinnsamling for å få fart i bygging av det som skulle bli Kysten.

På slutten av 1800-talet herja tuberkulosen stygt i landet, i 1890-åra var sjukdomen skuld i 20% av alle dødsfall. Sjukdommen ramma særleg dei fattige som budde trongt, hadde dårlege hygieniske tilhøve og dårleg luft, og var ofte knytt til smerte, skam og skuld. Passande diett, frisk luft, varme bad og gradert dusj var det som skulle til for å ta knekken på tuberkelbasillen, var tanken.

Kysthospitalet tok seg i førstninga mest av dei skuffuløse borna som hadde ein tuberkuloseart som førte til hovne andlet og bryst, men det var i dei første åra òg eit alment hospital for born og for kvinner av uformuende klasse.

Vart lagt i gipskassar

I 1898 kom Herman Gerhard Gade som lege til sjukehuset. Han vart seinare overlege og arbeidde ved sjukehuset fram til 1946. Mange har sett spor etter seg ved sjukehuset, men ingen så sterkt som Gade, hevda Ertresvaag. I 1907 fekk han sett opp nybygg og i 1927 enda eitt. Det opphavlege bygget fekk glasveranda. Han fekk laga ein svær hage, ut frå eiga lomme. Hagen - med Kjærlighetsstien - var på sitt flottaste ved utbrotet av andre verdskrigen. I krigen sette Gade seg opp mot ordensmakta og sytte for at sjukehuset ikkje gjekk over på tyske hender.

I Gade si tid var det opp mot 200 tuberkuløse pasientar på sjukehuset, med gjennomsnittleg 320 døger i liggetid. Behandlinga var bading - kvile - bandasjering - soling. Barn med tuberkulose i ryggen, vart lagt i gipskassar. Det var hovudsakleg born som pasientar, men vaksne med kirurgiske tuberkuløse lidingar, var og ved hospitalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesialsjukehus

Forsamlinga fekk eit levande bilete frå livet ved Kysthospitalet då kåsøren leste eit langt utdrag frå Oddbjørn Hustad si bok «Verandagutar» som skildra forfattaren sine eigne opplevingar frå han som gut var 18 månader som pasient på sjukehuset.. Forfattaren sat sjølv i salen og vart presentert og applaudert etter pausen.

Då Gade gjekk av, tok overgangen til: Frå tuberkulosesjukhus til spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Tuberkulose gjekk sterkt tilbake grunna m.a. medisinar, men dei siste 5 borna med tuberkulose vart utskrivne så seint som i 1972.

I mange år var mykje usikkert; Skulle sjukehuset halda fram, skulle det vera eit ortopedisk -kirurgisk senter eller skulle det bli ein rekonvalesentheim?

I 1972 blei første kunstige hofteledd operert inn på ein pasient, seinare følgde operasjonar på kneledd. Legeekteparet Brinchmann-Hanssen som kom i 1954, var sterkt medverkande til endringane på sjukehuset og at det ikkje vart nedlagt. I 1976 vart det lagt inn under Haukeland Sjukehus.

Særs godt miljø

Kysthospitalet har ridd av mange usikre år med m.a. trugslar om nedlegging. Os kommune har engasjert seg kraftig for å behalda sjukehuset, det er m.a. ein viktig arbeidsplass for innbyggjarar i kommunen.

I 1993 arbeidde det 160 tilsette her. Staden har fått ein sterk posisjon som ortopedisk-kirurgisk sjukehus. Styret vernar om institusjonen, og tidlegare pasientar støttar entusiastisk opp om staden. Stabiliteten blant personalet har vore usedvanleg stor og bidreg til eit særs godt miljø og stor profesjonalitet i møte med pasientar.

Etter pausen var det "fritt fram" for spørsmål og kommentarar. Det utvikla seg nærast til ein samanhengande ros til Kysthospitalet!

Dr. Gades barnebarn nemnde kva "nissane" (diakonissene) med livssynet sitt og arbeidsinnsatsen sin hadde hatt å seia for miljøet på sjukehuset, andre kom med døme på tilsette og konkrete situasjonar som har vore med på å styrkja det gode omdømet som Kysthospitalet i Hagavik har i Osbygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet