Kuventræ skule lyste opp Oseana
Onsdag kveld viste Kuventræ skule seg fram på scena i Oseana med framsyninga «When you wish upon a star». Dei briljerte med song og dans i ekte Disney-stil.
Alle elevane frå fyrste til sjuande trinn var sminka og utkledd til det som må kallast skuleåret sitt musikalske høgdepunkt. Det var disneykarakterar som var i sentrum, og fyrst ut var Snehvit og dei sju dvergane. Seinare fekk også karakterar i Løvenes Konge, Tarzan, Pochahontas, Jungelboka og Andeby entra rampeljoset. Også rektor Olav Røttingen fekk ta del i framsyninga som sjølvaste Onkel Skrue. I det publikum fekk auga på kven som var den styrtrike anda trakk dei godt på smilebandet.
Stått på
Dei 317 elevane på Kuventræ skule har jobba med framsyninga i alle musikktimane dei siste månadane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Alle syntest det var gøy å jobba med. Dei er soleklår på at det var verdt all øvinga, seier assistentlærar ved Kuventræ skule Erlend Sørås.
6. og 7.klassingane var med for siste gong ettersom framsyninga skjer med 2-3 års mellomrom, men dei var samde om at dette var noko dei ville gjera igjen.
Skulen på Kuventræ vert større og større, og til neste år ventar det 340 elevar til skulestart. Med så mange elevar ved skulen vart det også rift om plassane inne i Oseana.
- Vi gav ut to billettar til kvar familie. Det var nok mange som hadde ønskja å sjå på, men vi kunne ikkje ta i mot fleire på grunn av tryggleika, fortel rektor Røttingen.
Framtidas underhaldarar
Sol Herstad Skorpen og Agnes Bjarnedatter Vangsnes frå 7.klasse leia framsyninga med stø hand. Dei framstod som trygge og gode konferansierar. Etter at dei eldste hadde avslutta kvelden med «When you wish upon a star», så kunne publikum gje elevane ein velfortent applaus. Det er ei stund til neste gong, men det er berre til å byrja å gle seg allereie.