Kulturvernprisen gjekk til Else Bodil Gjøn
I helga vart Anders Kåre Engeviks kulturvernpris delt ut for fjerde gong i Fusa. Vinnaren vart Else Bodil Gjøn.
Prisen vart delt ut i samband med Kystsogedagen på Engevik gaard sundag.
Gjøn fekk prisen for sitt årelange arbeid med å ta vare på, og vidareføra lokale drakttradisjonar i Fusa. I juryens grunngjeving heiter det mellom anna:
Artikkelen held fram under annonsen.
- I tillegg til å dokumentera kunnskapen om dei ulike klestradisjonane, har Gjøn gjort eit stort og krevjande arbeid med å rekonstruera drakter og klesplagg frå ulike tidsperiodar for både kvinner, menn, born og vaksne.
Gjøn er kanskje mest kjent for arbeidet med å rekonstruera det som i dag vert kalla Fusa-bunaden. Bunaden, som kjenneteiknast av høgt liv, breidt belte og stor variasjon i farger og plagg, er vorte ein av favorittane til Bunad- og folkedraktrådet på Fagernes.
- Rådet meiner arbeidet som er gjort med Fusa-bunaden er av uvanleg høg kvalitet, skriv juryen beståande av Terje Raunsgard, Erik Vangsnes og Sveining Norheim.
Etter det omfattande arbeidet med Fusa-bunaden, har Gjøn halde fram med nye prosjekt. Saman med fleire entusiastar i miljøet kring Hålandsdal folkedraktsaum held ho mellom anna på med prosjektet "Fusaspøt" - ei revitalisering av lokale strikketradisjonar i grenselandet mellom kvardagsklede og festdraktar.
Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris vart stifta av Sævareidfjorden ungdomslag i samarbeid med Fusa kulturminnelag og Fusa kommune. Prisen vert delt ut til éin eller fleire personar som har gjort ein stor innsats for å verna om kulturarven i Fusa, og for å vidareformidla kulturhistoria til nye generasjonar. Vinnaren får eit diplom og ein gåvesjekk på 10.000 kroner.