Underskot: Villa Lysøen er i dag ein del av Kunstmuseene i Bergen (KODE), som har eit underskot på 18 millionar kronar.

Kulturminister Abid Raja kjem til Lysøen

Kulturminister Abid Raja besøkjer Ole Bull Museum Lysøen tysdag.

Biller, mus, fukt og ròte har gjort store skader på Ole Bulls 147 år gamle kunstnarheim på Lysøen i Lysefjorden. Det var Bergens Tidende som først omtalte saka.

Les også
Ole Bulls villa rotnar bort: — At det stod så dårleg til på Lysøen, var eg ikkje klar over

Villa Lysøen er i dag ein del av Kunstmuseene i Bergen (KODE), som har eit underskot på 18 millionar kronar.

Artikkelen held fram under annonsen.

KODE har ikkje midlar til å ta rekninga med å setja Ole Bulls villa i stand igjen. Multiconsult har utarbeidd ein tilstandsrapport, og kome til at det vil kosta 40 millionar kroner å setja bygget og gjenstandane i forsvarleg stand.

Les også
Musikalsk dugnad for Lysøen: - Imponerande at dei fekk det til på så kort tid

— Vi har søkt om betydeleg auke i driftsmidlar slik at det er mogeleg å arbeida førebyggjande med vedlikehald, og vi håper at regjeringa og stortinget kjem oss i møte med dette i statsbudsjettet for 2021. Kode treng ein økonomi som gjer at vi ikkje hamnar i situasjonar som dette, har kommunikasjonsansvarleg hos KODE, Maria Tripodianos, tidlegare uttalt til Os & Fusaposten.

Tysdag kjem kulturministeren for å ta komponistheimen nærare i augesyn.