Gunnar Hansen (Frp) tenkjer seg ombygging av Eikelandsfjorden samfunnshus som eitt alternativ til nytt kulturhus i Fusa.
Gunnar Hansen (Frp) tenkjer seg ombygging av Eikelandsfjorden samfunnshus som eitt alternativ til nytt kulturhus i Fusa.

Kulturhus i Fusa?

I budsjettet for 2015 er det løyvd 200.000 kroner til utgreiing av kulturhus i Fusa. Men blir det noko av?

Det var Gunnar Hansen (Frp) frå Hålandsdalen som kom med forslaget.

- Enno har det ikkje skjedd noko, og det spørst vel om det kjem til å skje noko der nede i det heile tatt, seier ein oppgitt Hansen, og snakkar om kommuneadministrasjonen som enno ikkje har teke fatt i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg tenkte eg skulle koma med ein interpellasjon før eg går av til hausten. Administasjonen har hatt det svært travelt med arealplanen denne våren, så kulturhus-saka reknar eg ikkje med dei har prioritert.

Ikkje inn i områdeplan

Utanom det heilt tradisjonelle, er det lite kultur i fusabygdene, meiner han.

Ein har fått til mykje innan idretten, medan kulturen, spesielt for vaksne utan born, er det dårleg med. Hansen tenkjer seg ombygging av Eikelandsfjorden samfunnshus som eitt alternativ - no når idrettshallen kjem opp. Eit forslag frå KrF om å baka midlane inn i ein områdeplan for Eikelandsosen har han lite sans for.

Utanom det heilt tradisjonelle, er det lite kultur i fusabygdene, meiner Gunnar Hansen (Frp). (Cathrin Valestrand)
Utanom det heilt tradisjonelle, er det lite kultur i fusabygdene, meiner Gunnar Hansen (Frp). (Cathrin Valestrand)

- Saka om kulturhus i Fusa må leva sitt eige liv, det er ikkje sjølvsagt at eit kulturhus i Fusa må lokaliserast til Eikelandosen. Kanskje er det fleire mogelegheiter om ein set seg saman og diskuterer, gjerne frå fleire bygder, trur Frp-aren.

Føre var

Om ein vil ha seg ein kulturell heilaftan på andre sida av fjorden, går siste ferje heim 22.40 ein laurdagskveld. Med kommunesamanslåinga i mente bør ein vera føre var. Når det skjer, vil det bli endå verre å få til noko, trur hålandsdølen.

- Me må ha ein visjon for vårt eige i Fusa, elles blir det veldig trist og trasig, avsluttar Hansen.