Koseleg julekonsert i Hålandsdalen kyrkje
Vakker song og julemusikk fylde Hålandsdal kyrkje søndag kveld.
Tradisjonen tru stod Hålandsdal Musikklag også i år som arrangør for julekonserten i Hålandsdalen kyrkje. Søndag kveld var kyrkja nær fullsett då musikklaget, «Bjørnefjorden jazzensemble», «Shofar» og «Fusa Soul Children» inntok "scenen".
Artig innslag
Hålandsdal Musikklag inviterte til allsong på mange kjente og kjære julesongar. Ingunn Nedreberg, Laila Øygard Eide og Marianne Andersen song herleg trestemt etter Dag Herman Andersens arrangement og den nye jente-gruppa «Fusa Soul Children» sjarmerte stort med klarstemte versjonar av «No tennast tusen julelys» og «En stjerne skinner i natt».
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette var flinke born i alderen seks til 12-13 år. Dei song kjempefint og hadde til og med eit flott dansenummer, skryter Harald Bjørndal.
Sjølv jazza han laus i lag med Bjørnefjorden jazzensemble og innlånte Torbjørn Eliassen på vokal og trommis Han Einar Markhus.
- Det var veldig kjekt - både å spela sjølv og å sjå og høyra dei andre opptre, konstaterer Bjørnefjorden jazzensemble-bassisten.
På sitt eiga repertoar hadde Bjørndal & Co mellom anna «Danny Boy» og «Mitt hjerte alltid vanker». Dei to låtane framførte jazzensemblet etter Michael Barnes sine arrangement.