«Kondolerer» på fredag den trettande
- Eg håpar at folk går ut etterpå og tenkjer at det er deilig å leva, seier Else Kåss Furuseth. Neste fredag kjem ho til Oseana med framsyninga «Kondolerer».
Fredag den trettande kjem komedienna frå TV 2 til Os med den sjølvskrivne framsyninga «Kondolerer».
Her balanserar ho humor og rått alvor i ei openhjartig framsyning om livet - gjennom si eiga historie om å mista både si eiga mor og broren i sjølvmord.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette er ei historie eg har veldig lyst til å fortelja. «Kondolerer» er rett og slett ein uironisk hyllest til livet, med mykje galgenhumor. Det handlar om å bli forlatt, men også om at det er lov å leva videre, seier ho.
Godkjensle
Det høyrest nesten umogleg ut. At ei framsyning som handlar om sjølvmord, kan gje publikum ei godkjensle og få dei til å tenkja at: "jammen er det deilig å leva". Men det er nettopp det som er Elses mål.
- Publikum er viktigast for meg. Å stå på scena og fortelja er noko heilt anna enn å setja på ei lydbok. Publikum er med og formar opplevinga gjennom sin respons undervegs, og det er det som er så fint med å stå på scena, seier ho.
Holocaust
Else har erfart at komiske augeblikk kan oppstå i møte med døden. Etter ein tale i brorens gravferd, lurte nokon på om ho hadde vurdert å selja Tupperware.
Og i oppryddinga etter broren fann Else almanakken hans:
- Han hadde planlagt å sjå ein sju timar lang dokumentar om Holocaust to dagar etter at han tok sitt eige liv. Det set ting i perspektiv. Eg sa til pappa:
- Dersom eg visste at eg skulle sjå den dokumentaren, så hadde eg hengt meg eg òg.
Pappa lo av det heile, men sa samtidig at eg ikkje måtte seia det til nokon: "Denne humoren er det ingen andre enn oss som kan forstå."
Artikkelen held fram under annonsen.
Le saman
Slik fekk Else lyst til å undersøkja om andre kunne forstå, om ein kunne le saman. Else meiner at det er viktig å snakka om psykisk helse og «Kondolerer» er hennar måte å gjera det på.
- Eg tenkjer at ikkje noko blir verre av å snakka om det, utan at framsyninga av den grunn er for terapi å rekna. Eg vågar heller ikkje å kalla det ein monolog, sjølv om det er det det er, for eg har jo ikkje gått Teaterhøgskulen, fleipar Else.
Kritikarrost
«Kondolerer» gjekk frå ti framsyningar i ein liten sal til hovudsceneframsyning på Nationaltheatret, sett av 40 000.
Denne hausten er "Kondolerer" på noregsturné. Kritikarane er samde om at Else har skapt stor kunst som balanserar hårfint mellom latter og alvor. No gler ho seg til å ta «Kondolerer» til Os.
- Eg har aldri vore i Os før, så det blir spennande, seier Else og legg til at fleire kollegaer har vore i Os - og likt det.
- Eg har møtt nokre av dei på flyplassen på veg heim. Det ser ut som om dei har vore i himmelen og levd livet på både den eine og andre måten, ler ho.