Kommunen stiller opp
Førre veke utfordra Ole Reinert Berg-Olsen Os kommune til å bidra i høve søndagens støttekonsert for syriske flyktningar. - Det kjem ein sjekk, lovar ordførar Terje Søviknes.
Ordførar Terje Søviknes er torsdag ettermiddag oppteken i møter, men lovar via sms at Os kommune vil bidra med økonomisk støtte til Amadia International.
Organisasjonen arbeider på den greske øya Lesvos med å distribuera ullteppe, barnekle, mat, medisinar og anna til syriske flyktningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle inntekter frå søndagens Oseana-konsert går uavkorta til Amadia.
Publikum
Søviknes vil ikkje ut med noko eksakt beløp, men lovar å avklara dette med formannskapet i god tid før søndag.
- Og så reknar eg med å koma på konserten som publikum, seier han.
- Det er fantastisk at kommunen gjer dette, og så er det kjekt å sjå at kommunen gjenspeglar folks ynske om å kunne bidra med noko, seier ein strålande nøgd initiativtakar Ole Reinert Berg-Olsen, betre kjend som ORBO.
Han skal sjølv stå på scena og får med seg Eirik Søfteland, Gina Aspenes, Fonos, Myrna Braza, Endre Olsen, Haavard Skaathun og den syriske artisten Manar Alhashemi. Kunstnar Arne Mæland held appell, Åsmund Lien les sitt nyskrivne dikt «Ny i Os» og Firas Abdeen fortel frå heimlandet Syria.
Representantar frå Amadia International vert også til stades.