Klar for «Stjernekamp»
Tidlegare har han sjarmert TV-tittarane som deltakar i «Idol» og «Skal vi danse». No er Eirik Søfteland klar for «Stjernekamp»
Onsdag vart haustens deltakarar i NRK-programmet «Stjernekamp» presentert for det norske folk. Blant dei ti artistane som skal kjempe om sigeren i den store songkonkurransen er osingen Eirik Søfteland.
26 år gamle Søfteland debuterte i TV-ruta med å ta ein andreplass i sesong sju av «Idol». I 2013 gjekk han heilt til topps i TV2 sitt store laurdagsprogram, «Skal vi danse».
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei ni andre som Søfteland skal konkurrera med i «Stjernekamp» er: Martin Halla, som vann «The Voice» i 2012, Maria Haukaas Mittet, Øystein Wiik, Trine Rein, Tommy Fredvang, Knut Erik Østgård, vokalist i Return, Heidi Gjermundsen Broch, Celine Helgemo og Maria Karlsen.