Kari Bremnes kjem til Tysnesfest og Solstråleøya
Tysnefest lanserer Kari Bremnes til neste års festival.
- Bremnes gav oss ein fantastisk konsert i 2013, og det er til dags dato den konserten me har arrangert i Kjevikjo som har hatt høgast publikumstal, kommenterer dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage.
I 2018 skal ho trø i fotspora til Vamp, og inntek scena på Solstråleøya.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me vil ha same opplegg som i 2017 med hurtigbåt som går tur/retur, og alt vert lagt til rette for mange magiske stunder, lokkar Vaage.
Kari Bremnes turnerer både i inn- og utland, og berre i haust har ho hatt 35 konsertar. I september sleppte ho si fyrste plate på meir enn fem år.
Følgjande artistar er til no lanserte til Tysnesfest 2018: Bigbang, Adam Douglas, Gåte og Kari Bremnes.
jostein@osogfusa.no