Juni Dahr til Oseana
Torsdag 7. april kjem skodespelar Juni Dahr til Oseana med framsyninga Ibsens kvinner.
I Ibsens kvinner møter publikum seks av Henrik Ibsens mest kjende kvinneroller: Hilde, Hedda, fru Alving, Nora, Ellida og Hjørdis.
I framsyninga rører Dahr ved det underliggande temaet i all Ibsens dikting, nemleg lengten etter fridom.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Henrik Ibsen stiller utfordreade spørsmål til menneske i dag, meir enn 100 år etter sin død. Han viser ei djup forståing for kvinner. Korleis kunne han skriva så sant og ekte om kvinners tankar og kjensler? Gjennom karakterane sine får han oss til å erfara våre eigne liv, seier Dahr på heimesida til Visjoner Teater.
I 2014 spelte ho forresten Ibsens kvinner på ein kulturfestival i Iran.
Intimt og nært
Stykket vart opphavleg skrive på engelsk av Dahr i New York i 1989 saman med instruktør Marketta Kimbrell og musikar Chris Poole.
Framsyninga har vidareutvikla seg på turnear og gjestespel i samarbeid med ulike aktørar.
- Dette blir eit veldig intimt og nær-på-publikum-stykke, seier arrangements- og marknadskoordinator i Oseana, Janne Mari Hjelle.
Framsyninga vert vist i Griegsamlinga med få effektar og enkel lyssetting.