Julestemning og songglede i Os kyrkje
Dette er den fjerde gongen dei to kora slår seg saman og arrangerer felles julekonsertar i sine respektive bygder.
Det kan vera tungt å koma seg gjennom mørke og kalde novemberdagar, men det hjelper å ha noko kjekt å sjå fram til. Slik er det i alle fall for songarane i damekoret Os Vocalis!
For denne gjengen er dei mørke seinhaustkveldane nemleg fylte med forventningsfull stemning, full konsentrasjon og beinhard jobbing fram mot den årlege julekonserten, som i år går av stabelen tysdag 10. desember i Os kyrkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne tradisjonsrike julekonserten er eit samarbeid mellom det lokale damekoret Os Vocalis og Follesø Mannskor.
Mannskoret frå Askøy feira nettopp 110-årsjubileum med eit ambisiøst program og fullsett sal på Kleppestø, og er eit kor med stolte tradisjonar og høge kvalitetskrav.
Os Vocalis har ikkje like mange år på baken, men har på sine vel 40 år opparbeidd seg eit rykte som eit hardtarbeidande kor med høge ambisjonar og stor songglede.
Dette er den fjerde gongen dei to kora slår seg saman og arrangerer felles julekonsertar i sine respektive bygder.
Sidan dei har same dirigent, har dei gode føresetnader for å gi publikum ei gjennomtenkt og heilskapleg musikalsk oppleving.
Repertoaret spenner frå storslått klassisk kyrkjemusikk til lystige og smektande engelske Christmas carols, og har også eit solid innslag av dei gode, gamle norske julesongane i vakre arrangement.
Dersom du tek turen til kyrkja denne kvelden, kan du altså sjå fram til høg musikalsk kvalitet, stor songglede og ein solid dose julestemning.
Velkommen til konsert!
Artikkelen held fram under annonsen.
Os Vocalis