Julestemning med klokkeklar korsong
Me gløymte snart både mørketid og regn då 12-13 koristar i Os Vocalis sette tonen i Os kyrkje onsdag kveld.
Konserten opna med den kjende julesongen «Glade jul». Koristane var spreidde ut i kyrkjerommet, og klokkeklare tonar kom smygande inn frå fleire kantar, og gjekk inn under huda og rett til hjarta på dei frammøtte. I alle fall hos underteikna.
Dirigenten i damekoret, Eirin Beate Åserud-Løvlid, var deretter solist i første verset av «Det hev ei rose sprunge», og ho har ei vakker stemme. Det var også svært imponerande å sjå på når ho dirigerte koret, for ho måla nærast tonane og styrken fram visuelt ved hjelp av hendene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mellom songinnslaga leste fleire av koristane dikt der gjennomgangstemaet var snø. Desse var med og batt saman songane, og sjølv om det må ha vore litt uvant for dei, bestod dei oppgåva med glans.
Vakker klang løfta songen
Julekonserten inneheldt fleire av dei tradisjonelle norske julesongane som «Mitt hjerte alltid vanker», «Nå er det jul», «Jeg synger julekvad», «Det lyser i stille grender» og «I denne søte juletid». Koret framførte også fleire amerikanske "julesvisker", som til dømes «When you wish upon a Star» og «I'll be home for Christmas». Men, om songane var kjende og kjære, meistra Os Vocalis gjennom eit spennande arrangement og vakker klang å løfta songane på ein måte som gjorde at me spissa øyro og følte me hadde opplevd noko nytt.
Os Vocalis framførte same konserten i Fridalen kirke i Bergen 3. desember, og dei kunne gjerne ha gledd endå fleire med denne framføringa.
Koret har rundt 20 medlemmer, men var litt reduserte på denne konserten, slik at også dirigenten måtte steppa inn som solist eit par gonger.
Åserud-Løvlid kjem frå Bergen, og har hatt dirigentansvaret for koret dei siste 2-3 åra.