Meir enn 50 deltakarar frå 11 ulike land deltok på juleavslutninga til språkkafeen i Eikelandsosen.
Meir enn 50 deltakarar frå 11 ulike land deltok på juleavslutninga til språkkafeen i Eikelandsosen.

Julelenke for fred

Nye fusingar med 11 ulike nasjonale bakgrunnar laga ei gigantisk julelenke som skal symbolisera, samarbeid, samhald og fred, då språkkafeen tok juleferie.

Språkkafeen i Eikelandsosen såg dagens lys tidleg i haust og har vore ein møtestad ein ettermiddag kva fjortande dag.

- Tilbodet kom til etter ønske frå nytilflytta fusingar frå andre land som sakna ein stad der dei kunne praktisera norsk, fortel Erik Vangsnes ved kulturkontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å snakka norsk er språkkafeen ein viktig møteplass der folk kan bli kjende med nye menneske og få eit større nettverk.

I følgje Vangsnes har det vore mykje folk innom i løpet av hausten.

- Vi starta opp på Tønnekafeen på senteret, men måtte flytta til eit større lokale i Aktivitetssenteret som Fusa kommune har i bygningen som hyser Fusa vidaregåande skule. Det toppa seg skikkeleg på juleavslutninga tysdag 8. desember med meir enn 50 deltakarar frå 11 ulike land, fortel kulturleiaren.

Syrisk meny

8. desember var det middag med syrisk meny og kakebord frå mange land. Slik ein er van med på juleverkstader i advent vart det laga julepynt og julekaker. I tillegg til vanlege julekorger vart det laga ei kjempelang julelenke som heng i Glasgato i Kommunetunet. Før arbeidet med julelenka byrja sa fritidsleiar og koordinator for kafeen, Heidi Skår Dale, at ei slik julelenke kan vera eit symbol på det gode samarbeidet og samhaldet på språkkafeen, og ei lenke for fred i verda.

Vangsnes opplyser at språkkafeen startar opp att første tysdagen i januar og nye kafégjester er hjarteleg velkomne.