Håvard Skåtun har gjort to klassiske julelåtar til sine eigne, og gjeve dei eit country preg.
Håvard Skåtun har gjort to klassiske julelåtar til sine eigne, og gjeve dei eit country preg.

Julelåter frå country-Skåtun

Fusingen Håvard Skåtun har i år som i fjor laga sin eigen vri på tradisjonsrike julesongar.

- Eg laga ein versjon av Winter Wonderland i fjor, og synest det var så kjekt å gjera julelåtar, at eg ville gjera det igjen i år, seier han.

Songane blei sleppt i dag fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikkvideo til ein av låtane

I år har Skåtun teke føre seg «Run Run Rudolf» og «O Holy Night». Sistnemnde er det også laga musikkvideo til.

- Kva er det du har gjort med desse låtane for å gjera dei "dine"?

- Eg har gjort dei litt annleis for å få dei meir i mi gate. For å gjera dei country har eg blant anna brukt litt steelgitar, seier Skåtun.

Album neste år?

Country-artisten frå Fusa lagar ikkje berre coverlåtar. Han satsar på å koma med eit album med eigne låtar i 2016.

- Eg nærmar meg ferdig med låtane. Men eg er ikkje i gang med å spela inn. Det er vanskeleg å seia kva tid albumet kjem, men eg satsar i alle fall på 2016, seier han.

Her kan du sjå og høyra Skåtuns versjon av to klassiske julelåtar:Run Run Rudolf ogO Holy Night