Julefeiring i kyrkjene i Fusa
Adventsgudstenester, konsertar, skulegudstenester og julevandringar for barnehagane har samla meir enn 1.000 personar i kyrkjene i Fusa. Og programmet held fram i dagane som kjem.
Det er no den store feiringa står framfor oss - der vi skal feira at Jesus, Guds son, vart fødd. Me held difor fram med konsertar og festgudstenester også i dagane som kjem.
I dag laurdag vert det julekonsert i Fusa kyrkje. Eikelandsfjorden musikklag står som arrangør av konserten. Eikelandsfjorden musikklag, Eikelandsosen skulemusikklag og aspirantane i skulemusikken speler. Koret «Takt og tone» syng og juleevangeliet vert lese av Frida Solheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Adventsgudsteneste
I morgon sundag vert det advenstgudsteneste for heile familien. Det er 4. sundag i advent, og sundagen vert kalla for "Gledens adventssundag". Då tenner vi alle fire lysa på adventsstaken. Songbuketten er med og syng. Det vert også eit "Last minute choir". Her gjentar vi suksessen frå påske - og oppmodar alle som liker å synga om å koma ein halv time før gudstenesta startar - og med litt øving, blir vi eit kor!
På julaftan får vi til fire gudstenester i år, i tillegg til andakt på Fusa bu- og behandlingssenter.
Einar Ekerhovd vert prest ved gudstenestene i Sævareid kapell og Strandvik kyrkje. Det vert lekmannsgudstenester i Hålandsdal kyrkje med Norunn Rød Markhus og på bygdaheimen i Holmefjord med Anders Holmefjord.
Fleire stadar er lokale aktørar med og speler, og deltek elles med bl.a. tekstlesingar. Fusa sokneråd vonar at mange finn vegen til våre gudstenestestader julaftan.
Tid for ettertanke
1. juledag vert det festgudsteneste i Fusa kyrkje. Her held vi fram med julefeiringa og lovsongen skal lyda i kyrkja. Det vert dåp denne dagen og mannskoret Credo syng.
Søndag mellom jul og nyttår har fått namnet "Romjulssundag", og den vert feira med gudsteneste i Sundvor kyrkje. Det nærmar seg nyåret, og nyttårsaftan på kvelden samlast vi til ei stillferdig gudsteneste der vi kan få ha ei stund til ettertanke - då vi kan sjå tilbake på året som er gått - og gjere oss refleksjonar om overgangen til 2016.
I gang med 2016
Det er ikkje berre i jule- og nyttårshelga vi har gudsteneste. Vi held fram med gudstenestefeiring i det nye året, og søndag 3. januar er Kristi Openberringsdag. Då feirar vi gudsteneste i lag i Hålandsdal kyrkje att. Då er vi i gang med året 2016.
Vi ønskjer alle saman ei velsigna julehøgtid - og med ønske om at mange har høve til å vera med på julefeiringa i kyrkjene våre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa sokneråd