James Bond i Oseana
Os skulekorps sin showkonsert i Oseana baud i år på både krimgåter og spionar.
Årets framsyning søndag hadde fått namnet Mission :Possible, og det var tydeleg at skulekorpset hadde jobba hardt og godt for å skapa ei underhaldande familieframsyning krydra med dans- og songinnslag frå dyktige elevar frå Os Kulturskule.
Ein sakna tuba
Årets showkonsert baud på eit ekstra spanande plott og spion-tema.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein tuba og tubaist har lenge mangla i skulekorpset, og elevane i korpset byrjar å mistenkja dirigenten for å vera syndebukken. Elevane søkjar råd hos erfarne karakterar innan spionverda, og etter å ha fått fleire råd og tips via Skype-samtalar med blant andre sjølvaste James Bond og Den Rosa Panteren, tek brikkene etter kvart til å falla på plass.
Lovande musikantar
Undervegs i historia fekk vi også innslag frå Juniorkorpset, der musikantane har spelt saman i vel eitt år. Dei framførte blant anna Mamma Mia, Kum Ba Yah frå Vest-India og eit arrangement av Bæ, bæ lille lam og Å, jeg vet en seter spelt samtidig.
Juniorkorpset vart etterfølgd av Aspirantkorpset. Dei har berre øvd i litt over tre månader og har hatt enno knappare tid på å læra seg å spela og øva inn repertoaret. På programmet deira stod Bjørnen Sover, Mary Had a Little Lamb og til slutt Spania, akkompagnert av skulekorpset.
Allsidig og kreativt
Publikum denne søndagskvelden fekk oppleva ein allsidig, kreativ bruk av både scene, song og dans, manus, video og til og med Skype-samtale - alt saman i det som eigentleg berre skulle vera ein "enkel" korpskonsert.
Men korpset hadde endå meir å by på og hadde spart det beste til slutt: Ei vakker framføring av kveldens lengste sats, Fate of the Gods, før showet vart runda av med Mission Impossible og Game of Thrones sine kjenningsmelodiar, medan tekstane rulla på sceneskjermen.
- I fjor hadde vi ei framsyning der vi reiste jorda rundt, fortel 15 år gamle Ragnhild Kristine Midtbø, som har ni års erfaring i korps på fløyte og kornett.
Tidlegare har både Grease og Adventskalenderen vore tema, så det er ingenting å seia på kreativiteten til musikantane i skulekorpset.
- Følg med på skulekorpsa
Korpsdirigent Marius Fevang Thorstensen, kveldens mastermind, fortel at korpset heiv seg på innøving av repertoaret rett etter skulestart, og avgjerda om tema og konsept vart teke etter ei demokratisk røysting mellom elevane i korpset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samansetjinga av sjølve konserten, med konkretisering av manus og innøving av rollespel, tok derimot til berre tre veker før den store kvelden.
- Dette er ein familiekonsert. Det kjem mykje publikum og vi prøver derfor å setja saman eit program som er så dynamisk at alle kan lika det, fortel dirigenten.
Han oppfordrar vidare alle osingar til å følgja med på skulekorpsa som er i bygda.
- Korpsa gjer mykje kvart år for å auka sitt musikalske nivå., og ein treng ikkje å vera korpsentusiast for å lika slike konsertar som vi set opp, held han fram.
- Kven sin idé var det at du skulle vera syndebukken i dette dramaet?
- Det trur eg eigentleg ikkje eg bør svara på, ler Thorstensen til med glimt i auget.
Ein av satsane som vart spelt søndag kveld, Fate of the Gods, skal korpset også spela på Sotrafestivalen allereie til helga, og musikantane er spente på å sjå om dei kan stikka av med premie i festivalen.