«J» for Juleklare førsteklassingar
Samtlege førsteklassingar på Kuventræ har no lært bokstaven J. Gjett kva ord dei kan bruka bokstaven til?
I gulebygget på Kuventræ er det to førsteklassar denne hausten. I A-klassen er det 23 elevar, i B-klassen 22. Begge klassane er godt i gang med juleførebuingane.
- Me hadde juleframsyning for foreldra i går. Då viste me eit stykke om Josef, Maria og Jesus-barnet. I tillegg framførte elevane fleire songar, fortel klassestyrar Mailin Segelvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før eg anar ordet av det får eg eit herleg døme på kor gode 1B-gjengen er til å syngja. Julemorgen-songen frå NRK fjernsyn sit som eit skot, B-klassen syng fleire vers.
Blant fleire faste jule-innslag har B-klassen to kalendrar. Ein vanleg, og ein omvendt.
- Sjå her. Her er pengar me samlar inn til SOS Barnebyar. Pengane får elevane for små-jobbar som dei tek heime, fortel lærar Mailin.
Klare for framsyning
I klasse 1A har dei foreldre-kvelden framfor seg. Det er faktisk denne kvelden (torsdag) at elevane skal underhalda dei vaksne.
- Me skal visa eit stykke som er kalla «Skinnvotten», og eg skal vera forteljar, seier Jenny.
- I tillegg skal me ha kafé, legg Aleksandra til.
- Ja, og me skal syngja minst fem julesongar, seier Jakub.
- Kva har de elles lært i år, då?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei har lært 11 bokstavar. Du ser kva bokstav dei har lært i dag, seier klassestyrar Ingunn Mjøs og peikar på overhead-plansjen bak seg.
Bokstaven J lysar mot meg. Ved sida av står eit juletre.
- Kva kan de bruka J-bokstaven til å seia?
- Me kan seia Jokubas, seier Jokubas.
- Eller Jonas, seier Jonas.
- Eller jul, seier Jenny.
- Jul, ja. Og det er noko de gleder dykk til?
- Jaaaaa...
Artikkelen held fram under annonsen.
- J for Ja og Jul. For ein herleg bokstav!
- Ja.