Inviterer til vestlandsk hagereise
I boka "Vestlandshagen" tek filmskapar, fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer lesarane sine med på ei stemningsfull reise i hagekulturen i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
Dreyer har vitja parkar og historiske hagar på Vestlandet. Blant stadene ho har vore er: Alvøen, Mon Plaisir, Nygårdsparken, Astruptunet, Gamlehaugen, Baronihagen og Moldegaard.
Måndag kjem forfattaren til Os folkebibliotek for å fortelja om boka, og for å halda eit biletføredrag for dei frammøtte.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Hagar er meir enn tre og blomar, det er stader som fortel historier. Hagar er blant dei finaste kulturlandskapa som finst, meiner Dreyer.
I ord og bilete har ho skildra den særeigne stemninga ein finn i desse hagane. Og boka, som er rikt illustrert, bør ifølgje Skald forlag vera til stor inspirasjon og glede for alle hageelskarar.
- På Os folkebibliotek fortel Dreyer om reisa som resulterte i boka, opplyser aktivitetskoordinator hjå Kultureininga i Os kommune i ei pressemelding.
Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket og Den kulturelle spaserstokken 2016.
- Arrangementet er ope for alle, går det fram av pressemeldinga.
Dreyer, som er busett i Holmefjord i Fusa, byrja å skriva bøker i 2008. I tillegg til "Vestlandshagen" frå 2014, har ho gjeve ut barnebøkene "Luisa og Ugla" (2013) og "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" (2014). I fjor kom biletboka "Knud Knudsen album", som tek føre seg oddingen Knud Knudsen si fotosamling.