På Kongshaug Musikkgymnas er elevane i full sving med å førebu den store musikal-framsyninga neste laurdag.
På Kongshaug Musikkgymnas er elevane i full sving med å førebu den store musikal-framsyninga neste laurdag.

Inviterer til musikal-kveld i Oseana

Det er intense øvingsdagar for elevane på Kongshaug. Neste helg inviterer dei til musikalkveld i Oseana.

På Kongshaug Musikkgymnas er elevane i full sving med å førebu den store musikal-framsyninga neste laurdag. Her er stor aktivitet med både band-øvingar, kor, songsolistar- og grupper, orkester- og danseprøvar. Alle elevane bidreg og det vert både blåsarar og strykarar, og kor dirigert av rektor Oddvar Rotvik.

Det heile er ein konsertversjon med utdrag frå fem ulike, kjende musikalar. Desse er «Mamma mia», «Sound of music», «West side story», «We will rock you» og «Les Miserables». Her skulle vera noko for ein kvar smak.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Velkomne skal de vera. Me vil sjølvsagt ha fullt hus, er den klare oppmodinga frå spente og klare elevar på musikkgymnaset.

Billettar vert å få kjøpt på førehand, og i døra, dersom det er fleire billettar att.