Inviterer til konsert på takterrassen
Old Timers Big Band prisar sommaren med takterrasse-konsert på Oseana 9. juni.
Old Timers Big Band er eit storband som starta opp på Os i årsskiftet 2014/2015 på initiativ av Geirmund Sandven.
Bandet er sett saman av fire trompetar, fire saksofonar, fire trombonar, slagverk, piano, bass og gitar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og perkusjon når det fell seg slik at rutesambandet mellom Odda og Os er oppe og går, skriv bandet i ei pressemelding.
Bandleiar er trompetisten Halvard Lyssand, som saman med nokre få fleire er med å halda gjennomsnittsalderen under pensjonsalder. Karl Ole Midtbø er "NK".
Repertoaret inneheld standard jazzsvisker - men òg nyare jazzmusikk frå Aust-Europa og Brasil, der to av låtane er skrivne av bandet sin pianist Åsmund Brekke medan han oppheldt seg i Brasil.
- Jazzvokalist Marita Moe Sandven vil framføra to låtar. Vokalinnslag blir det òg av gitaristen, Jan Haaland, opplyser bandet i pressemeldinga.