Anara Damenova er glad i hjort. Nett no har ho fleire store måleri av det majestetiske dyret  stilt ut i Fjord'n senter.
Anara Damenova er glad i hjort. Nett no har ho fleire store måleri av det majestetiske dyret stilt ut i Fjord'n senter.

Inspirert av naturen i Fusa

Ho er ei småsjenert kasakhstansk-fuskisk dame, som ikkje tenkte på utstilling. Vener ville det annleis. Denne veka er siste sjanse til å få sjå kunsten hennar på Fjord'n senter.

- Eg er alt for sjenert til å ville stilla ut, men alle sa eg burde, så til slutt tenkte eg "kvifor ikkje?", og hoppa i det, fortel Anara Damenova.

Dei siste par vekene har bileta hennar hengt på veggen i Fjord'n senter. Motiva er for det meste dyr og norsk natur. Ørn, hjort, lam og til og med ein manet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her er så mange flotte dyr, eg blir så inspirert. Dei flotte, store kronhjortane for eksempel.

Mannen bad om hjort

Dei fleste bileta er til sals. Men nokre få er i privat eige, og berre på utstilling. Ho peikar på eit stort måleri.

- Den hjorten er mannen min sin. Han er jeger og ønskte seg eit bilete av ein stor hjort. Han var sikker på eg ville klare det, så då måla eg den. Det var første gong eg prøvde på det flotte dyret.

Kjøttmeisen er sentral i Anara sitt forhold til Noreg og norsk natur. Ho elskar å henga ut mat og få besøk av småfuglane.
Kjøttmeisen er sentral i Anara sitt forhold til Noreg og norsk natur. Ho elskar å henga ut mat og få besøk av småfuglane.
Flaksande and i solnedgang. - Eg vil formidla gode kjensler med bileta mine, seier Anara.
Flaksande and i solnedgang. - Eg vil formidla gode kjensler med bileta mine, seier Anara.
Morskjærleik er eit tema i fleire av måleria.
Morskjærleik er eit tema i fleire av måleria.

Mannen, Jørn Helland, er fusing, og Anara flytta frå storbyen Almaty i Kasakhstan til vesle Fusa for kjærleiken til han. Dei gifta seg tidleg i 2014, etter å ha kjent kvarandre eit par år. Sidan har ho venta på å få lov til å bli, og ikkje minst å få arbeida.

- Eg skulle verkeleg ønskja eg kunne jobba, men har ikkje lov.

Dermed blir det mykje dødtid. Når ho ikkje er på norskkurs, har ho nytta mykje av tida til å måla.

- Då eg studerte design- og arkitektur på universitetet, lærte eg å teikna og måla. Men då var det berre noko eg gjorde fordi eg måtte. Her oppdaga eg plutseleg at det er noko eg verkeleg liker.

Glad i kjøttmeis

Anara fortel at ho har vore med mannen på jakt. Ho blir inspirert av naturen og særleg dyra i den norske faunaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg liker spesielt godt hjort, men eigentleg alle dyra. For eksempel kjøttmeisen. Eg ser han kvar dag. Han er så søt og fin. I Almaty der eg kjem frå, har vi berre dei små brune fuglane.

- Spurv?

- Ja. Dei kan vi ikkje mata. Ingen gjer det. Eigentleg er ikkje folk i Kasakhstan særleg flinke til å ta vare på dyra slik eg opplever de er. Det liker eg godt med Noreg.

Ho snakkar om kor bra ho synest det er med reglar og begrensingar for jakt, dyrevernorganisasjonar og ein politikk for å ta vare på truga dyreartar.

Ikkje minst snakkar ho varmt om den norske tradisjonen med å fora småfuglane på vinteren.

- Mannen min og eg gjer også det. Vi heng ut mat til dei. Så då har eg blitt så glad i kjøttmeisane, at eg måtte måla ein.

Vanskeleg i starten

Samtalen går på ein miks av norsk og engelsk. Anara meiner ho ikkje er særleg god i norsk, men ho er mykje betre enn ho trur, etter to år med fleire timar i veka på norskkurs, og mange av orda kling på flott fusa-dialekt.

I starten fann ho livet i vesle Fusa veldig annleis enn i storbyen Almaty.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er kjempestor forskjell på å bu her i forhold til der. I starten var det litt vanskeleg. Her var så få stader å dra for å vera litt for seg sjølv. Men no er eg blitt van til det. No føler eg meg ikkje komfortabel i byen lenger, seier ho med eit blygt smil.

Morskjærleik

Den største forskjellen meiner ho er alle dyra.

- Dyr har også kjensler. Det prøver eg å få fram i måleria mine. Derfor har eg måla fleire bilete av mor og barn, for å få fram den vare morskjærleiken som er der mellom dyra også. Elles vil eg at bileta mine skal formidla gode kjensler.

Utstillinga hennar skal ned til helga. Ho håper mange får sett bileta innan den tid. Og for dei som ikkje har fått sett, vil ho prøva å få oppretta eit album på Facebook.

- Eg skal få opna eit album som alle kan sjå, det må eg gjera. Det er slikt eg ikkje tenkjer på. Eg hadde jo aldri stilt ut her heller om ikkje svigerfamilien og andre som har sett bileta mine hadde oppmuntra meg.