I full sving att neste veke
Etter ein kort sjukdomsperiode, gler Aurora Aksnes seg til nye turar "på vegen" i neste veke.
Aurora vart akutt sjuk i starten på veka og måtte leggjast inn på sjukehus. Men no fortel ho til Os og Fusaposten at forma er mykje betre og at ho vil vera i full sving att neste veke.
- Det er mykje rart som skjer rundt omkring for tida, men eg tenkjer ikkje så alt for mykje på det. Eg jobbar med utruleg kjekke folk, og er så glad i bandet mitt at eg held på å sprekka! Så eg gler meg allereie til neste tur!
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at ho var innlagt på Haukeland Universitetssykehus nokre dagar for å forsikra at ho ikkje skulle bli endå verre frå det ho omtalar som akutt sjukdom.
- Og det blei eg heldigvis ikkje! No skal eg vera heime nokre dagar før eg skal ut på tur igjen.
Ho legg samstundes ikkje skjul på at det var kjipt å måtta avlysa fleire utselte konsertar, attpåtil i Bergen og på Ole Bull scene.
- Det var kjempekjedeleg. Eg tenkjer dei fleste synest det er fælt å ikkje stilla opp på jobb når det vert forventa av ein. Spesielt sidan det er ganske mange folk som blir skuffa. Men slik er det vel bare.
- Fekk du god oppvarting på sjukehuset, forresten?
- Folk har vore veldig snille med meg. Vi er heldige vi som bur ein stad med så bra helsevesen. Det var nesten litt koseleg til tider også. Kjempegode knekkebrød!