Helsesøster vender tilbake
På Holdhus skule skjedde det skumle ting tysdag. Då var det premiere både på teaterstykke og film.
- Det er så fint, seier Maria Lister Midtrød som har hatt hovudansvaret.
Sjette og sjuande klasse byrja å arbeida med teaterstykket i februar som ein del av norskfaget. Barneboka «Bukkene Bruse vender tilbake» vart omsett frå bokmål til nynorsk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Boka er eigentleg meint for yngre born, så mange måtte passa seg for ikkje å le, fortel Lister Midtrød.
- Når to klassar går i lag, kan det vera stort spenn mellom kva dei ulike elvane kan. Ein skal også bruka to ulike lærebøker. Difor er det kjekt å arbeida på ein måte slik at alle kan vera med i same prosjekt, fortel ho vidare.
Eigen musikk
Då me tok denne praten, var det berre nokre minutt til premieren på spelstykket der elevane har laga manus, kulisser - og musikken, som var ved Engelina Rød på piano, Øyvind Henanger Halvorsen på el-gitar og John Sigved Gramstad Indrebø på keyboard.
Den moderne versjonen av Bukkene Bruse, som denne gongen reddar dei gamle på sjukeheimen frå trollet som berre bråkar, har sett kreativiteten i sving hos dei unge hålandsdølane.
Bieber beilar
Sjølv om dagens ungar er omgitt av forteljingar på fjernsyn og på nettet, er det å laga ei forteljing sjølv noko mange opplever som vanskeleg.
- Eg veit ikkje kvifor, men eg trur det var meir rolleleik berre for nokre år sidan. Dei kan gjerne gå inn i roller, men stoffet er allereie "ferdigtygd", meiner Lister Midtrød.
Men då elevane vart utfordra til sjølv å laga moderne versjonar av eventyr, dukka det mellom opp både Justin Bieber og Truls Svendsen som friarar i Reveenka.
-Eg er oppteken av at ungane ska l få vera kreative og utfolda den sida ved seg sjølv. Det er elles tungt fokus på harde fag i skuleverket. Det skapande blir nedprioritert, og det er noko skummelt i det, meiner ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Helsevesenets hemn
Sjuande klasse hadde også laga ein film, nærare bestemt ein grøssar. «The Kids» handlar om ei helsesøster som blir kidnappa, drege ut av eit vindauge på loftet og dumpa i Djupehølen på Skjelbreid. Året etter skal skuleklassen på badetur same stad, og då vender helsesøster tilbake for å ta hemn...
- Dei ville ikkje ta sprøyte, difor batt dei ho fast og køyrde ho vekk i ei trillebår, fortel ein ivrig Sondre Torgilstveit som nett då kjem syklande forbi.
- Dei heldt seg innanfor kriteria: Ikkje våpen, ikkje blod - eller banneord, fortel Midtrød som er på fnisaren.
Sidan nokre av elevane tykte det var litt flaut å høyra si eiga stemme, vart grøssaren vist i eit eige rom i første etasje. «The Kids» kjem nok av same grunn aldri på youtube, men alle vil få ein kopi av filmen med seg heim.
-Det er kjekt å sjå at elevane veks på slik prosjekt. Dei har gjort noko dei aldri har gjort før, og det er har vore vore mange gode augneblinkar. Det er verd alt, seier den litt slitne læraren.