Fredag ettermiddag var Fredrik Kristiansen og Hans Marius Johnsen oppom "Os og Fusaposten" sine nye lokale for å promotera julekonserten sin i Kløvertun fredag 4. desember. (Vidoen kan ein sjå på osogfusa.no)
Fredag ettermiddag var Fredrik Kristiansen og Hans Marius Johnsen oppom "Os og Fusaposten" sine nye lokale for å promotera julekonserten sin i Kløvertun fredag 4. desember. (Vidoen kan ein sjå på osogfusa.no)

Heilaftan med Hans Marius og Fredrik

I årevis har dei delteke på konsertar og arrangement i bygda. No vil Hans Marius og Fredrik ha sin heilt eigen konsert.

To av våre største musikalske talent er i desse dagar i full sving med å øva inn repertoaret for konserten «Desembershow med Fredrik og HM Johnsen». I samband med dette inviterte «Os og Fusaposten» gutane opp i våre nye lokale for å gje oss og lesarane ein liten smaksprøve på konserten. (Sjå video på osogfusa.no)

Lyttande publikum

Trass i sin unge alder har Hans Marius Johnsen og Fredrik Kristiansen stått eit utal gonger på dei ulike musikk-scenene i heimbygda Os. Det dei ikkje har fått oppleva er å få scenen eine og åleine via til seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fredrik og eg elskar å spela og opptre. Me har spelt på kultur-arrangement, konsertar-tilstelningar, seminar, i 50-årsdagar og i bryllup. Dette gjer me med glede, men no tenkte me at me fortente ein kveld der me fekk spela litt meir enn berre eit par låtar. Me ønskte oss rett og slett ein heilaftan med Hans Marius og Fredrik, ler Hans Marius og Fredrik.

Gutane har difor tinga selskapslokalet i Kløvertun, og inviterer herved alle som vil til julekonsert med noko attåt, fredag 4. desember.

Mindre fest, meir muskk

18 år gamle Hans Marius og 22 år gamle Fredrik kosar seg godt når dei spelar for fest- og danseglade osingar. Men denne gongen håpar dei å få møta publikum i ei litt anna setting.

For Hans Marius er det gitar og musikk dagen lang. Nyleg fekk han dekorert bilen sin så ingen skal vera i tvil om kva han brenner for.
For Hans Marius er det gitar og musikk dagen lang. Nyleg fekk han dekorert bilen sin så ingen skal vera i tvil om kva han brenner for.

- I Bergen finst det fleire musikkscener der musikken står heilt i sentrum. Her i Os kjem sceneunderhaldninga ofte i samband med festing og moro. Det er artig det også, men som musikar er det noko ekstra med det å spela og syngja for folk som er komne utelukkande for å lytta, seier Hans Marius.

Dei to har difor bestemt seg for at arrangementet skal vera alkoholfritt.

- Det vert servert julegløgg, men denne gongen utan raudvin, påpeikar gutane.

Akustisk tapning

Både Hans Marius og Fredrik har skrive mange låtar opp gjennom åra. Begge har spennande prosjekt på gang, og dersom det går som dei håpar, vert nokre av låtane mogleg å lasta ned om ikkje så lenge.

- Sjølv er eg i gang med å spela inn plate. Eg håpar ikkje det går så altfor lang tid før eg legg ut min først singel, fortel Hans Marius.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg jobbar også i studio for tida. Meninga er, til liks med Hans Marius, å få ut ein singel om kort tid. Me får sjå kven som vert først, humrar Fredrik, som held på i studioet til søftelendingen Thomas Haugland (Tomtom)

På konserten vil ein garantert få høyra fleire av duoens eigenkomponerte låtar.

- Me framfører alle låtane våre i lag. Me har spelt så mykje saman dei siste åra, at det er nett så me ikkje treng å øva, humrar dei to.

Med seg på scenen får dei gitaristen Håvard Øvrebø. Dessutan kan det tenkjast at dei får med ein perkusjonist frå Bergen.

- Dette blir ein konsert i akustisk tapning, seier dei.

Julestemning og allsong

Gitarkompisane ønskjer ikkje å røpa for mykje av repertoaret, men nemner eit par julesongar dei har øvd på dei siste vekene.

- Chris Reea's «Driving home for Chrsistmas» byrjar å sitja bra. Elles spelar me kanskje Odd Norstoga-songen «Jul i Svingen», fortel Hans Marius.

Fredrik lovar at det også vert høve til å vera med på allsong.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom eg ikkje tek feil, vert det litt «Jingle bells» også, så då er det berre å syngja med, smiler Fredrik.