Eirik Søfteland "gambla" litt då han køyrde ein Black Debbath-låt i første program, men med "The Gambler" valde han ein rimeleg safe låt sist laurdag. I dag vert det eit skikkeleg publikumsfrieri når Søfteland kliner til med Santana og Rob Thomas-låten "Smooth".
Eirik Søfteland "gambla" litt då han køyrde ein Black Debbath-låt i første program, men med "The Gambler" valde han ein rimeleg safe låt sist laurdag. I dag vert det eit skikkeleg publikumsfrieri når Søfteland kliner til med Santana og Rob Thomas-låten "Smooth".

Håpar på ein lang haust i Oslo

Han bur kummerleg på eit trongt hotellrom i Tigerstaden. Likevel håpar Eirik Søfteland på eit langt opphald i Oslo denne hausten.

26-åringen har for vane å halda seg lenge i "gamet" når han deltek i konkurransar på fjernsyn. I 2013 vart osingen nummer to i «Idol» og stakk av med sigeren i «Skal vi danse». Denne hausten er han godt i gang med «Stjernekamp» på NRK 1, og trist svært godt med det.

- Det er hektiske dagar, men me lærer mykje og har det morosamt på øvingane. Eg er så absolutt happy med livet i Oslo, og blir her gjerne til finalen er unnagjort 31. oktober, seier osingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godkjente rundar

Eirik kom seg relativt trygt gjennom dei to første rundane og er nøgd med tilbakemeldingane han har fått så langt.

- Eg fekk bra skryt under country-runden sist laurdag. Då hadde me Claudia Scott som mentor, og for mitt vedkomande handla det om å ta låta ned, og gjera han litt "laid back", seier Søfteland.

I det første programmet handla det om norsk rock. Osingen valde då mest originalt av dei ni deltakarane. Black Debbath's «(Hei hei, vi er) Justervesenet» er ein kul låt av Egil Hegeberg og Co, men kanskje ikkje det største publikumsfrieriet mot fjernsynstittarane ein laurdag kveld.

Eirik Søfteland fekk skreke frå seg på Black Debbath-låta (Hei hei, vi er) Justervesenet.
Eirik Søfteland fekk skreke frå seg på Black Debbath-låta (Hei hei, vi er) Justervesenet.
Gjengen i Stjernekampen er framleis fulltalleg før latino-omgangen i kveld.
Gjengen i Stjernekampen er framleis fulltalleg før latino-omgangen i kveld.

- Det var jo første runde, så då kunne me køyra på utan fare for å ryka ut, seier Søfteland.

Framleis ti

Etter country-seansen sist laurdag var det opera-songar Øystein Wiik som fekk færrast stemmer og rauk ut. Eit par dagar seinare kom likevel kontra-meldinga om at tekniske problem med stemme-registreringa gjorde at NRK ikkje kunne vera heilt trygge på at det var Wiik som skulle ut av programmet.

- Øystein fekk tilbod om å vera med vidare likevel, og takka ja til det. Dermed er me framleis ti artistar - ti veldig allsidige og flinke artistar, understrekar Søfteland.

Han har stor respekt for Trine Rein, Marie Haukås Mittet, Martin Halla, Knut Erik Østgård og dei andre konkurrentane i songkonkurransen.

- Du høyrar det på gjennomkøyringane før laurdagen. Alle deltakarane syng svært bra, og det er nærast umogleg å spå kven som vil appellera minst til sjåarane, seier 26-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar for latino

Denne veka har Søfteland og konkurrentane førebudd seg på Latio. Øvingane har omfatta inføring i latinamerikanske rytme, dans og spanke- og portugisiske tekstar.

- Mentor denne gongen er ein perkusjonist som kallar seg for Celio. Han er ein veldig kul og fin type som gjer oss mange gode og nyttige tips, fortel Søfteland.

Sjølv treng han lite hjelp med spansken. Osingen skal nemleg syngja på engelsk.

- Denne gongen vel eg litt meir kommersielt. Eg går for Santana og Rob Thomas sin «Smoth». Det er ein låt som svinger skikkeleg, og som dei fleste i dei norske stover har høyrt før og har eit forhold til.

- Det skadar ikkje å vera litt taktisk?

- Nei, ein må jo vera det, dersom ein skal få godt med stemmer. Samstundes må eg få understreka at dette er ein låt eg verkeleg diggar, seier Søfteland om hiten som kom ut i 1999 og låg på Billboard-lista til langt ut i det nye millenniumet.