Hans Martin Austestad til Fusa
6. oktober kjem Hans Martin Austestad til Fusa folkebibliotek for å halda intimkonsert i Torsdagsakademiet. Han har med seg både gamle og nye låtar.
Hans Martin Austestad er kjend som multiinstrumentalist, låtskrivar og produsent. Då han gav ut det første soloalbumet «Med Rentersrente» i 2015, gav Dagbladet han terningkast fem og overskrifta «Takk for at du synger på norsk, Austestad. Hans Martin Austestad treffer blink på første soloforsøk.»
Dei fleste har nok høyrt Austestad på NRK radio, der han har hatt fleire suksesslåtar sidan solodebuten. Austestad er innom fleire sjangrar, og omtalar musikken sin som urban dialekt-pop.
Artikkelen held fram under annonsen.
"Bastardnorsk"
Tekstane står i sentrum for hans musikalske univers, og dei er på hans eigen "bastardnorskdialekt" - ein blandingsdialekt som er eit resultat av at han har budd både i Hong Kong, Fusa, Sandefjord, Hamar og Oslo.
Austestad har spela i Fusa fleire gonger - både som bandleiar, banjospelar og songar i bluegrassgruppa Earlybird Stringband og som soloartist. Sist som trekkplaster på den store solidaritetskonserten for Syria i januar.
Musikalsk kalas
Musikken hans er influert både av melodiøse pop- og rockgigantar frå 1960- og 1970-talet og av folk- og folkemusikk. Han skiftar uanstrengt mellom ulike musikalske sjangrar og byr opp til musikalsk kalas.
Erik Vangsnes
Kulturleiar